Det kjem fram av ei pressemelding frå NAV i Møre og Romsdal. Fylkesdirektør Stein Veland i NAV vurderer marknaden slik at det ikkje er usannsynleg at arbeidsløysa dei neste månadane kan stige noko.

I september er det 3.564 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Dette utgjer 2,5 prosent, og det er 16,4 prosent lågare enn same månad i fjor. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er identisk med landsgjennomsnittet som også er 2,5 prosent. Arbeidsløysa for menn er 3,0 prosent, medan ho er 1,9 prosent for kvinner.

Arbeidslause under 30 år vert spesielt høgt prioritert i NAV-systemet. For denne aldersgruppa er arbeidsløysa no lågare enn same tid både i 2015 og 2016, heiter det i pressemeldinga. Fordelt på yrke er det nedgang i alle yrkesgruppe, bortsett frå ein ørliten oppgang (2 personar) innan undervisning.