Ein gong i året arrangerer Røde Kors det som er det høgste kurset ein kan ta i samband med skred. Denne veka er kursdeltakarane samla på Standaleidet.

Onsdag er deltakarane delt inn i fire grupper på fire ulike postar rundt Standalhytta. Det er tid for ringøvingar for dei som er så heldig å få plass på kurset. Berre 24 deltakarar frå heile landet får plass, og krava er strenge.

– Ein må ha gode forkunnskapar. Deltakarane må blant anna ha grunnkurs og kvalifisert søk og redningskurs frå før av, seier kursleiar Heidi Vigerust frå Norges Røde Kors.

Heile landet

På kurset er det deltakarar frå Longyearbyen til Kristiansand.

– Det er veldig bra å knytte kontakt med folk frå ulike delar av landet. Det er stor forskjell på områda, seier Stine Veie frå Volda Røde Kors Hjelpekorps om kvifor det er så viktig å samle folk frå heile landet.

På den første posten skal deltakarane grave fram og utføre pasientundersøking. Gruppa står og skuffar snø for alt dei har, før dei finn dokka under snøen. Deltakarane lærer at dei effektivt skal sjekke om personen pustar og deretter stabilisere han og halde han varm til ambulansen kjem.

Skredterreng

Vidare til neste post får deltakarane eit gitt skredscenario. Tre personar er tatt av skred og dei skal kartlegge og planlegge redningsaksjonen.

– Lag eit kart over området, og finn ut kvar dokke vil leitemannskapet skal byrje søket, seier Bjørn Midtskog som er rettleiar. Målet med øvinga er at personane skal lære seg å planlegge og få oversikt over området so fort som råd, og deretter formidle vidare beskjedane kort og konsist.

Øving

Dei to andre postane for dagen er sender/mottakar- og Recco-søk. Desse går på hjelpemidla ein bruker når ein skal finne personar som er tatt av skred. Sender/mottakar er mest brukt til kameratredning, medan Recco blir nytta av organiserte redningsaksjonar.

Laurdag vil kurset bli avslutta med ei storskala øving.

– Dei som består kurset får tittelen fagleiar skred, fortel Heidi Vigerust.

<strong>FAGLEIAR:</strong> Bjørn Midtskog er fagleiar og rettleiar på posten som går på skredterreng.$RETURN$$RETURN$ Foto: Hege Bjørkedal
<strong>STABILISERING:</strong> Lege Julia Fieler (gul bukse) frå Tromsø er rettleiar for utgraving og pasientundersøking, her forklarer ho korleis ein lett kan stabilisere og frakte personen ut av skredet. Ho legg vekt på at gruppa må fordele oppgåvene mellom seg, slik at det går so effektivt som mogleg. FOTO: HEGE BJØRKEDAL Foto: HEGE BJØRKEDAL