Det skriv Helse Møre og Romsdal på sine nettsider.

Resultatet i juni var 15,9 mill. kroner bak resultatkravet og juli var 19,8 mill. kroner bak kravet.

Trenden med auka kostnader knytt til medikament held fram i sommarmånadene, og i tillegg har kostnadene knytt til bemanning vore langt høgare enn planlagt.

- Det er viktig å stoppe kostnadsutviklinga så raskt som mogleg, og det er innanfor lønsområdet vi først og fremst intensiverer tiltaka no. Føretaket vil gå enda tydelegare inn å sikre omstilling i dei einingane som har størst utfordringar, men held samstundes fram med tiltaka som blei skissert før sommaren, seier adm. dir. Espen Remme i ein kommentar.

Helseføretaket opprettar økonomiske innsatsteam som blir sett inn som strakstiltak med månadleg oppfølging av kvar klinikk.  I tillegg blir det innført skriftlege leiaravtalar på alle nivå, melder helseforetaket.