Det er organisert søk etter hunden Lissi som er sakna på femte døgnet på Hareid.  Fleire frivillige mellom anna frå Kellys Håp er engasjert, og det er teke i bruk viltkamera og feller.

Eigaren fortel til smp.no at dei er bekymra for korleis det står til med hunden etter at den ved eit uhell rømde frå ein kennel. Lissi er av typen eurasier, kvit og beige i pelsen (sjå bilde).

Observasjonar av hunden kan meldast inn til Facebook-gruppa «Vi som leiter etter eurasier Lissi».

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no