Det dreg seg til i prosessen som skal ende med takk og farvel til mange av kommunane vi kjenner i dag. På nordre Sunnmøre inviterer ordførarbjørnane i Ålesund og Haram ti kommunar til fellesdate i Brattvåg. Håpet for møtet er semje om ekteskap, men dette er ein farleg flørt som kan ende med både utruskap og beiske frontar i nabolaget.

På søre Sunnmøre er det same visa. Somme på søreluten vil gifte seg – med kven som helst av dei andre – på dagen. Andre tel kraftaksjane sine og kvir seg for å dele med fattigare friarar frå hi sida av fjorden. Alle held kvarandre med godt snakk og snart må noko skje.

Tømde rådhus

Same kor dette går, vil vi innan sluttdato for prosessen – som regjeringa har sett til 1. januar 2020 – stå att med eit nytt kommunekart, og langt færre kommunepolitikarar enn i dag. Professor Harald Baldersheim ved Institutt for Statsvitenskap på Universitetet i Oslo har rekna på det. Han meiner ein reduksjon frå dagens 428 kommunar til 150 kommunar vil redusere talet på kommunestyremedlemmer med 7.000.

Baldersheim kallar dette den største politiske massakren i norsk historie, og konsekvensen vil bli aukande avstand mellom folk og politikarar, medan rekrutteringa til politikken vil dale og gje gode dagar for dei politiske broilerane i runddansen i hovudstaden.

Rom for eliten

Baldersheim viser til Fredrikstad som i 1994 slukte omlandskommunane Borge, Rolvsøy, Kråkerøy og Onsøy. Dette er den siste større kommunesamanslåinga i Norge. I det nye kommunestyret sat det så godt som berre tidlegare formannskapsrepresentantar. «Toppolitikarane» heldt altså fram i posisjonar, medan fotfolket forsvann til kafébordsdebattane.

Det er til å forstå at folket i småbygdene i randkommunane fryktar at dei endar opp med å rope i skogen den dagen storkommunen heiter Ålesund, og dei ikkje lenger har «sin eigen» kommunestyremedlem som talerør på rådhuset.

Dansk fråfall

Danskane har litt å lære oss om dette. Der gjekk dei i 2007 frå 271 kommunar til 98 kommunar. Ved første kommuneval etter samanslåinga gjekk deltakinga markant ned.

Avisa Berlingske Tidende gjennomførte i 2013 ei undersøking mellom dei innvalde i kommunestyra. Der blei det mellom anna avdekka dette:

  • 60 prosent meinte at kommunesamanslåinga har innskrenka lokaldemokratiet.

  • Nær halvparten meiner at byråkratane har fått for stor politisk innverknad.

  • Berre halvparten meiner at det er råd å delta i møte og sette seg skikkeleg inn i saksdokumenta ved sidan av ein vanleg jobb. Dette fordi kommunane er blitt større og fleire oppgåver er lagt på kommunane.

  • 70 prosent meiner at godtgjeringa for det politiske arbeidet er for låg.

  • 70 prosent meiner at arbeidspresset for kommunepolitikarane skremmer vekk moglege nye listekandidatar.

  • I Danmark har det blitt fleire heiltidspolitikarar etter kommunereformen.

  • Der kommunepolitikarane tidlegare var ombodsmenn for innbyggjarane, liknar dei no meir på perifere leiarfigurar som har meir makt og meir å styre med, men som færre kjenner ansiktet på.

Superlokalt

Løysinga på dette er aktive lokalutval som kan tale innbyggjarane si sak, meiner somme.

I Danmark er dette prøvd på ulikt vis, til dømes i former som minner om gode, gamaldagse bygdemøte der kven som helst kan kome og foreslå nær kva som helst. Slik kan folk med felles idear og same tankegods finne saman på grasrotnivået og sette felles ressursar bak gjennomføringa.

I teorien høyrest dette fint ut. I praksis handlar det om breidda i engasjement, involvering av både ung og gamal, kvinne og mann, rik og fattig – for ikkje å snakk om problemet med å få med seg seg ulike etnisitetar.

Svekka demokrati

Då kommunalminister Jan Tore Sanner i fjor haust var på besøk for å lære, fekk han følgjande konklusjon med seg heim frå sin danske ministerkollega Morten Østergaard:

Sjølvstyret i kommunane var styrka, men lokaldemokratiet var svekka.

I eit land der avstandane er korte, og det er latterleg enkelt å ta seg frå A til B, har det altså blitt tyngre å bli høyrt. Noko å tenkje på det også, her vi bur mellom fjordar og fjell.