– Både vi og Hellbillies er svært godt nøgde med billettsalet så langt. Og enno er det nesten to veker til konserten.

Det seier Kenneth Nydahl i VTI Fotball. Fotballgruppa er arrangør for konserten og dansen i Mørehallen på Volda stadion 5. september. Arrangementet er det første av sitt slag i den nye fotballhallen som stod ferdig i fjor.

– Volda Fotball har no eit stort anlegg å drifte, og det kostar mykje pengar. Vi har difor måtta tenkje nytt når det gjeld å skaffe inntekter, forklarer Nydahl, som torer å trur på eit ok overskot av konserten.

Har plass til 1.600

Så langt er det selt over 1.000 billettar til arrangementet, noko Nydahl synest er ekstremt bra.

– Karane i Hellbillies har fortalt at normalt vert over 60 prosent av billettane til konsertane deira selt dei tre siste dagane før konsert, så vi har stort håp om at endå fleire vil ta del i denne storhendinga i Mørehallen. Vi har plass til 1.600 personar, fortel han.

Hva skjer i helga? Sjekk kulturkalenderen på smp.no.

VTI Fotball har lagt til rette for at bubilar og campingvogner kan parkere i nærleiken av hallen, og 35 bubilar har allereie meldt si interesse. Før Hellbillies kjem på scenen skal DJ Rune Rotevatn og bandet Clinton Experience varme opp publikum.

DJ Rotevatn skal halde fram med å snurre dansbare plater etter at Hellbillies har spelt frå seg.