Søndag var der det Go with the Flø, på den vesle perla Flø i Ulstein. Amadei Weiland, eller «Urban Amadei» som han kallast, er blant verdas fremste utøvarar i parkour, ein actionsport der han berre bruker eigen muskelstyrke og spenst til å kome seg over hinder.

Han opna arrangementet og kunstutstillinga med ei forrykande oppvising, der han hoppa frå ei trapp mot ein vegg og tok eit rundkast.

På Flø var det eige kurs for barna, der Amadei skulle lære vekk nokon av kunstane og triksa sine. Nokre av barna på Go with the Flø er syskena Mads (11) og Clara (9) Håndlykken frå Ulsteinvik. Mads seier han har fått lært mykje i dag og det er veldig kjekt.

– Eg har lært nye triks på trampoline og føler meg meir modig. Eg har alltid hatt lyst å halde på med parkour, seier Mads.

– Amadei var kjempegod! Det var kjekkast å sjå på dei som gjorde triks på trampolinen, men eg ville ikkje prøve sjølv, seier Clara.

Amadei tok turen frå Berlin til Flø etter ein invitasjon frå Hugo Opdal, og har halde på med parkour i 14 år. Parkour-stjerna ser på seg sjølv som ein artist meir enn lærar, men det er lett å sjå at både han og barna har det gøy.

– Eg trener kvar dag, og eg reiser mykje for å spele inn filmscener nye stadar i verda. På Flø er det stille og fredeleg, og her er det flott med fin natur, seier Amadei som håpar at han rekk ein fjelltur får han reiser.

Sjå bildeserie øvst i saka.