Nok ein gong skal naturen på Nordvestlandet vere ramme for ei filminnspeling.

– Det startar med eks-tremsportscener i spektakulær natur, og ender opp inne i grotter, der det er mørkt, skummelt og spanande, seier regissør og manusforfattar Henrik Martin Dahlsbakken i FilmBros AS.

Thrilleren «Cave» handlar om tre tidlegare elitesoldatar som har sett seg som mål å finne vegen gjennom eit uutforska grottesystem langt inne i fjellheimen.

Dei tre er utvitande om marerittet som ventar dei nede i det tronge, mørke djupet.

«Cave» blir omtala som ein intens og klaustrofobisk thriller, med utgangspunkt i krevjande ekstremsport.

Paranoid frykt

Hovudpersonane i filmen blir plasserte i eit fullstendig hermetisk miljø, utan kontakt med omverda. Her utviklar den paranoide frykta for det ukjende seg til å bli frykta for den personen ein i utgangspunktet stolte mest på.

Dahlsbakken fortel at dei skal gjere opptak på fleire av dei mest spektakulære innspelingsstadene som nokon gong har vore nytta i ein norsk film.

Mellom anna skal opningsscena filmast i Trollstigen, før dei dreg vidare til Innfjorden.

Kjende namn

Hovudrollene i «Cave» skal fyllast av kjende skodespelarar som Benjamin Helstad («Kongen av Bastøy» og «Kampen om tungtvannet»), Mads Sjøgård Pettersen («Hjem», «Nord» og «Upperdog»), Heidi Toini («Staying Alive», og Ingar Helge Gimle («Uro», «Frikjent» og «En helt vanlig dag på jobben».

Dahlsbakken har på si side også regissert filmane «Å vende tilbake» og «Mannen fra isødet».

FilmBros har allereie bestemt at «Cave» skal ha premiere 28. oktober neste år, før det blir internasjonal distribusjon.

Filminnspelinga i Valldalen skjer 16. september. Totalt vil ti personar vere opptekne med filminga. I tillegg til Gudbrandsjuvet blir det også gjort filmopptak i haust og vinter i Jotunheimen, Sognefjellet, Gudbrandsdalen, Nordland – og altså i Romsdal.

<strong>OPPTAKSSTAD:</strong> Gudbrandsjuvet i Valldalen har fått mange turistar til å nytte fotoapparata flittig. No kjem også filmselskapet FilmBros AS hit for å gjere opptak til ein såkalla ekstremsportthriller. ARKIVFOTO: STAALE WATTØ
<strong>FILMROLLE:</strong> Benjamin Helstad, kjend frå mellom anna filmen «Kongen av Bastøy», skal spele i ei hovudrolle i «Cave». ARKIVFOTO: NTB SCANPIX