For litt over ei veke sidan starta Vegvesenet med snittmåling gjennom verdas lengste biltunnel, den 24,5 km lange Lærdalstunnelen. Målestrekninga er 19,5 kilometer.

Det hjalp på råkøyringa.

- Etter ei veke med snittmåling har berre sju køyrd for fort i Lærdalstunnelen. Same veke i fjor vart 57 tekne med for høg fart i fotoboks, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Dei som har køyrt for fort har neppe råkøyrt. Høgste målte fart er 92 km/t.

Sidan tunnelen er så langt, har Statens vegvesen ønskt å auke tryggleiken for dei køyrande. Det har dei altså lukkast med så langt.

Sjå også: Snittmåler verdas lengste tunnel