Mannen i 30-åra vart pågripen utan dramatikk. Han sit søndag kveld på politihuset i Ålesund, og politiet leitar ikkje etter fleire gjerningspersonar, opplyser politiet søndag kveld.

To menn vart alvorlig skada, og desse vart sendt til sjukehus i Ålesund med ambulansehelikopter laurdag kveld. Dei to vart meldt utanfor livsfare søndag ettermiddag.

Ein mann vart mindre alvorleg skada. Han vart frakta i ambulanse til Volda sjukehus laurdag kveld. Søndag ettermiddag vart han utskriven derfrå.

Alle fire som var involverte i hendinga er utanlandske statsborgarar. Politiet vil ikkje opplyse noko om nasjonalitet. Politiet fekk melding om hendinga på brakkeriggen klokka 19.40 laurdag kveld.

Motiv

Etterforskinga skjer frå Ulstein og Hareid lensmannskontor. Politiet kartleggjer no kva som har hendt gjennom teknisk og taktisk etterforsking. Politiet vil ikkje på dette tidspunktet uttale seg noko om bakgrunn for hendinga eller motiv.

Rundspørjing og dei fyrste avhøyra vart utført laurdag kveld. Avhøyr skjer også med hjelp av tolkar. I alt har rundt 20 personar vore kopla til etterforskinga så langt, og den pågår no for fullt utover på søndag kveld, opplyser lensmann Hilde Sæter Aglen i Herøy og Sande.

Dei fyrste tekniske undersøkingane på brakkeriggen er gjennomførte og åstaden er sikra. Dette gjer at dei som bur på hyblane i brakkeriggen ikkje treng å flytte ut.