– Det er gledeleg at vi har snudd ein negativ trend i 2013 og 2014. Det viser at dei grepa vi har tatt har hatt effekt, seier adm.dir. Hallvard Pettersen i Scana Volda.

Han snakkar på vegner av heile Scana Propulsion, der Scana Volda AS er det største selskapet.

Driftsresultatet (EBIT) vart sju millionar kroner, mot eit underskot på 19 millionar kroner året før, viser den førebelse årsrekneskapen.

– Vi har gjort innsparingar, gjort interne omleggingar og styrka salsorganisasjonen. Vi har gjennomført dei planane vi har lagt og tatt ut den effekten vi har sagt at vi skal gjere, seier Pettersen til smp.no.

Gjennom oppseiingar og permitteringar har dei spart inn seks millionar kroner, viser årsrapporten.

Her kan du lese børsmeldinga og laste ned rapporten (ekstern side)

Ordrereserven halvert

For to veker sidan teikna Scana kontrakt med Havyard om levering av gir og propellanlegg med kontrollsystem til ein ny brønnbåt. Nyleg vart det også inngått kontrakt mellom Scana og Aas Mek. Verkstad i Vestnes om levering av gir og propellanlegg med kontrollsystem til ein brønnbåt.

– Offshoremarknaden er vanskeleg. Men vi satsar mot fiskebåtar og mot fraktebåtar og handelssegmentet elles, seier Pettersen.

Ordrereserven for Scana Propulsion ved utgangen av 2015 var 87 millionar kroner, som er ein nedgang på 67 millionar frå utgangen av 2014, går det fram av rapporten.

Scana Propulsion designar og produserer framdriftssystem, medrekna propellar, propellerhus, akslingar, gir, trustarar og kontrollsystem til skipsbyggingsmarknaden.

Scana Propulsion hadde driftsinntekter på 318 millionar kroner i fjor, ein liten nedgang frå året før.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!