Mannen er tiltalt for å ha valdteke jenta han var lærar for, og som den gong var like under 14 år. Han er også tiltalt for seksuelt krenkande åtferd mot jenta. I tillegg er han tiltalt for seksuelt krenkande åtferd mot ei anna jente.

– Ikkje skuldig, svarte mannen på alle punkt då sorenskrivar Elisabeth Wiik gjekk gjennom tiltalen mot mannen i føremiddag.

Mannens forsvarar er advokat Anette Barlinn i advokatfirmaet Staff.

– Har fått livet øydelagt

Læraren meiner heile tiltalen er bygd på ei løgn og fortalde i retten onsdag at livet hans var øydelagt.

– Eg har aldri røyrt dei to jentene. Eg vil ikkje spekulere i kvifor dette skjer meg, men det jentene fortel er ei einaste stor løgn, fortalde læraren i retten.

Han meiner sjølv at han har vore ein god lærar.

– Eg har gjort ein god jobb, og det har vore mitt fotfeste i verda. Så vart verda mi snudd opp ned og eg satt i fengsel i tre veke, innesperra 23 timar i døgnet. Eg føler det som har skjedd med meg er verre enn eit drap, sa læraren.

Han meiner at rettsstryggleiken hans er truga.

– Ikkje bare min, men alle som urettvist blir skulda for det eg har blitt skulda for, fortalde læraren.

Alvorleg

– Dette er ei svært alvorleg sak, som gjeld valdtekt av barn under 14 år. Forholdet er at han var lærar, og fornærma var elev. Det som gjer saka ekstra alvorleg er også at læraren er ein omsorgsperson som har misbrukt si stilling, sa statsadvokat Magne Nyborg, som er aktor, før saka starta.

Søre Sunnmøre tingrett har sett av tre dagar til behandlinga av saka. Ifølgje Nyborg er det kalla inn ni vitne som skal forklare seg for retten.