Etter 20 år med planar og draumar skal Ørsta få ny storhall, men tomta som har stått klar skal ikkje brukast. Ørstingane, med kommuneadministrasjonen i spissen, har gjennomført ein snuoperasjon på kort tid, og torsdag landa kommunestyret støtt i saka.

– Skal eg skrive bok om livet mitt ein dag, så skal to kapittel handle om hallsaka. Det første kapittelet skal handle om det som skjedde dei ti første åra eg var involvert. Det andre kapittelet om dei neste 17 og ein halv dagane, sa Paul Kristian Hovden (KrF), tidegare varaordførar i Ørsta.

Prislappen

Den såkalla fleirbrukshallen skal koste 150 millionar kroner. I tillegg skal det kome symjebasseng som kan ende i same prisklasse. Politikarane har tidlegare gått inn for å plassere storhallen på Mosflata. Dette er eit sentrumsnært område som er regulert til idrettsformål. Men på oppløpssida har plassering mellom ungdomskulen og Ørsta stadion, den såkalla Utstillingsplassen, segla opp som favoritt. Den eine etter den andre har snudd. Mellom dei er ordførar Stein Aam (Sp).

– Eg stod støtt på Mosflata i 15 år, men nye moment har hagla inn, og eg går for det nye forslaget, sa Stein Aam.

Jobba på spreng

Dei nye momenta handlar om behovet til skulane, som overraskande nok ikkje har vore så sterkt framme før. Mellom anna er det klart at den gamle idrettshallen tilknytta ungdomskulen må opprustast for 25 millionar kroner dersom den nye kjem for langt unna. Og det gjer den på Mosflatene, meiner skulane. Dessutan har fylkeskommunen signalisert stor interesse for å samarbeide om ein hall som ligg tett opp til den vidaregåande skulen.

– Plasseringa på Utstillingsplassen er eit kinderegg. På kjøpet får vi nytt klubbhus for idrettslaget, ny tribune på Ørsta stadion, nye klasserom på ungdomskulen og eit styrka Ørsta sentrum, sa rådmann Wenche Solheim.

Kommuneadministrasjonen har jobba på spreng med å utgreie det nye alternativet, som i starten av prosessen vart sett på som uaktuelt.

– Plasseringa får ingen konsekvensar for byggjekostnader og framdrift, men kan gi reduserte driftskostnader sa prosjektleiar Frank Flusund i Ørsta kommune.

Fleire i kommunestyret var kritisk til prosessen i siste fase. Gunnar Knutsen (V), som har vore ein av dei store forkjemparane for storhall i alle år, meiner det er for stor uvisse knytt til ei bygging på Utstillingsplassen, og stod fast på at hallen bør liggje på Mosflata.

– Men eg er inst inne glad for at det er stor semje om å byggje hallen, sa Knutsen.

Etter ei prøveavrøysting  der berre Ventre stemte imot, vart all usemje gravlagt, og Ørsta kommunestyre samla seg om eit samrøystes vedtak.