Det var folkeaksjon på Bjørke i 1997 då Televerket ville fjerne den raude telefonkiosken. Bygdefolket bolta ringebuda fast til store steinblokker, og kiosken fekk då tilnamnet «Prillar-Guri».

Sidan vart kiosken landskjend i NRK-programmet Norske attraksjoner med Linda Eide.

Telefonkiosken står framleis, men måndag kom Relacom på oppdrag frå Telenor og kutta kontakten med omverda.

Dårleg mobildekning

Perry Bjørke har vore med på desse aksjonane og er svært skuffa over at dei har kutta summetonen.

Bjørke viser til at det er null mobildekning via NetCom. Næraste kontaktpunkt er Viddal. Bjørke har fleire gonger sett fiskarar og arbeidarar bruke telefonen, seinast no i sommar.

Meir å lese under bilde

Reagerer Perry Bjørke synast det er trist at Telenor har kutta summetona til den kjende kiosken. Foto: Knut Arne Aarset

Bjørke meiner dette er ei lei symbolsak, Han føler at Telenor på denne måten symbolsk bryt kontakta med bygda. Samtidig ser han seks gigantiske krafttrådar fører milliardverdiar ut frå Bjørke.

– Eg stiller store spørsmål ved om det kostar så mykje å halde oppe denne linja, seier Bjørke til Sunnmørsposten.

Redd heile kiosken forsvinn

Bjørke er no redd for at heile kiosken kan forsvinne.

– Han som klipte linja sa at den fekk i alle fall stå inntil vidare, fortel han.

Meir å lese under bilde

Måla over Ein gimmick Norsk Tipping hadde i sommar som gjekk ut på å ringe til freda telefonkioskar, vart måla over samstundes som summetonen vart kutta. Den knallraude - ikkje heilt matchande - målinga dryppa ned på klenodiet. Foto: Knut Arne Aarset

Bjørke seier at saka uansett følest litt tapt når dei tek bort funksjonen til kiosken og tar summetonen.

For eiga rekning kan det leggjast til at det er vemodig å sjå denne knallraude kiosken lobotomert på ein elles så fantastisk haustdag på Bjørke.

Gratis breiband?

Innan juli 2016 har alle telefonkioskar mista summetonen. Også dei 100 som er verna av Riksantikvaren. Det seier Laila Andersen ved Telemuseet.

Meir å lese under bilde

Etterbruk Laila Andersen i Telemuseet meiner det bør gå an å få til ein etterbruk av kiosken.

– Telenor har valt å fjerne summetonen på dei som er aller minst lønsame først, seier ho.

– Vi vil ha ein kampanje slik at dei ikkje står der heilt tomme, seier ho vidare.

Eitt av forslag er å gjere kioskane om til bibliotek. Eit anna er å tilby gratis wifi ved kiosken.

– På Bjørke kunne vi hatt ein etterbruk. Trådlaust nettverk er eit av dei forslaga vi har fått inn, seier ho.

– Kiosken på Bjørke kjenner folk ein eigarskap til lokalt. Det hadde vore morsomt å gjere noko spesielt på den. Vi må i alle fall få til noko etterbruk, seier Andersen.

Telenor: – Ikkje prioritert

Telenor opplyser at dei ikkje vil prioritere å halde på summetonen til telefonkiosken.

– At linjene forsvinn er ein heilt naturleg konsekvens av at folk ikkje brukar telefonkiosken. Vi kan ikkje prioritere vedlikehald og oppfølgjing på noko som ikkje er i bruk, det trur eg folk forstår, seier informasjonssjef Tormod Sandstø i Telenor til NRK Møre og Romsdal.

Han legg til at telefonkiosken framleis vil stå i bygda.