To av dei eldste skipsutstyrsprodusentane i Møre og Romsdal får same eigar når Brunvoll i Molde kjøper Scana Volda.
– Dette er komplementære bedrifter, og vi har ei oppside spesielt på marknadssida. Det er ein vinn- vinn situasjon, seier administrerande direktør Odd Tore Finnøy i Brunvoll.
Bakgrunn: Volda, Brunvoll og dei lange historiske linene
Tysdag ettermiddag kom han til Volda saman med styreleiar Arthur Brunvoll. Dei nye eigarane fekk god mottaking hos dei tilsette i Volda, som var samla til allmøte.
– Dette er svært positivt. Eg trur det vil styrke oss. Dei to selskapa passar som hand i hanske, seier Roald Håvik, som er tillitsvald for Tekna i Scana Volda.
– Vil styrke begge selskapa
– Har det vore uro knytt til eit eigarskifte?
– Det går alltid rykte i ein slik situasjon. Men det var dette vi kunne håpe på. Vi har samarbeidd med Brunvoll før, og har gode erfaringar. Brunvoll tenkjer norsk og satsar i Norge, seier Roald Håvik.
Også administrerande direktør Hallvard Pettersen ved Scana Volda er nøgd.
– Dette ser eg veldig positivt på. Det er to selskap med ei lang industrihistorie, og vi har fått ein lokal eigar, seier han.
Scana Volda solgt til Brunvoll i Molde
– Scana Volda skal bestå som før, med både produksjon og administrativ organisasjon i Volda. Dette blir eit samarbeid, seier Finnøy.
Scana Volda er den største industriarbeidsplassen i Volda og produserer gir/framdriftssystem. Brunvoll sine produkt er på manøvreringssida, spesielt thrusterar.
Overlapping
Men også Scana Volda produserer thrusterar, og søstebedrifta Scana Mar-El i Telemark lagar mellom anna fjernstyringssystem, til liks med Brunvoll.
– Det er ei viss overlapping på produktsida, men det er ikkje mykje, seier adm.dir. Odd Tore Finnøy.
Seljar er Incus Investor, eit investeringsselskap utgått frå tidlegare Scana Industrier.
– Scana Propulsions har snudd ei negativ utvikling, og no var det ein god timing for exit, seier styreleiar Bjørn Thorkildsen i Incus.
Får ros av konsernet Incus Investor: Bruker Scana Volda som eksempel for andre i omstilling
Scana Propulsion hadde i 2015 ein omsetnad på 318 millionar og underskot på ein million.
– Men i år vert det overskot. Vi har hatt ei spanande reise saman med Scana Propulsion, og det har vore jobba godt i alle ledd for å snu selskapet, seier Bjørn Thorkildsen.
Salssummen for selskapet er 84 millionar kroner.
I tillegg er det inngått intensjonsavtale om sal av den store industrieigedomen i Volda sentrum.