Transportselskapet Fjord1 er inne i eit løp med fleire nybyggingsprosjekt. I løpet av berre få dagar blir det truleg klart kven som skal bygge fem nye ferjer som skal settast i drift på Sulesund-Hareid og Sykkylven-Magerholm, i tillegg til fleire nye ferjer i Hordaland.

Etter det smp.no kjenner til, er det Vard- og Havyard-verfta som ligg best an til å kapre ein storkontrakt på bygging.

Milliardinvestering

Fjord1-direktør Dagfinn Neteland har tidlegare stadfesta at lokale verft er med i konkurransen om investeringar på store summar. Han seier no at det ligg an til ei rask avklaring – og at «dei har eit sterkt ønskje om å bygge i Norge».

Havyard-design

Herøy-reiar Per Sævik med familie er på eigarsida både i Fjord1 og Havyard. Og Havyard-konsernet har fått fleire oppdrag med fornyinga av Fjord1-ferjene det siste året. I fjor fekk dei tre nye ferjer inn ordreboka herifrå og den første av desse ferjene skal leverast i mai 2018. Havyard har òg designa ferjene som skal inn på den såkalla Sula-pakka.

Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard stadfestar at dei både vil «byggje og levere framdrift» til ferjene, men viser elles til at det snart kjem ei avklaring.

Kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard seier konsernet ikkje opplyser om slike saker utan i børsmeldingar.

Skal inn på Sunnmøre

Av dei fem nye ferjene, skal tre inn på Hareid-Sulesund frå starten av 2019, og to inn på Sykkylven-Magerholm frå starten av 2020. Alle skal ha kapasitet på 120 bilar, med avgangar kvar 20. minutt.

I tillegg skal Fjord1 bygge fire ferjer som skal til Hordaland.

foto
Kapra nye samband: Fjord1 med direktør Dagfinn Neteland til rors skal overta dei to ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm etter Norled. Arkivfoto