ULSTEINVIK (smp.no): Politiet har ikkje arrestert nokon for eldspåsettinga i Ulsteinvik natt til søndag, men etterforskingsleiar Grete Hjelle seier under ei pressekonferanse måndag at etterforskinga har gitt politiet spor å gå etter.

Bensinkanne

Det er mellom anna funne ei bensinkanne i nærleiken av huset, etter det smp.no erfarer. Dette er eit av dei viktigaste spora politiet har å gå etter.

Overfor VG stadfestar Hjelle desse opplysningane.

– Det er godt håp om å finne ei løysing i saka, seier ho til smp.no.

– Ikkje noko tyder på hatkriminalitet

Det bur 12 personar med utanlandsk bakgrunn i huset.

Det er framleis ikkje noko som tyder på hatkriminalitet, presiserer etterforskingsleiaren.

Fungerande lensmann Egil Rustad ved Ulstein og Hareid lensmannskontor seier at sidan det er ei så alvorleg sak, så har politiet prioritert den. Også han har håp om oppklaring, sjølv om han understreker at det gjenstår ein del arbeid.

– Og ei oppklaring vil vere det aller beste for at folk kan få tilbake tryggleiksfølelsen, seier Rustad.

Les også: Tek nye avhøyr etter husbrannen

Det var natt til søndag fekk politiet melding om ein brann i ein bustad i Ulsteinvik.

Kriminaltekniske undersøkingar viste at brannen var påsett. For tre veker sidan vart bustaden også påtent, og i den saka sit ein mann i 20-åra i varetekt. Han har vore fengsla sidan, og såleis kan det ikkje vere same gjerningsmann.

Smp.no kjem med meir.