Den 43. norske filmfestivalen i Haugesund opnar søndag 16. august 2015 med eksklusiv visning av «Bølgen».

I filmen rasar fjellpartiet Åkneset ut i Storfjorden, slik at ei flodbølgje slår inn over bygdene kring fjorden. Hovudkarakterane er i Geiranger. Filmen har premiere 28. august.

Kronprins Haakon Magnus kjem til å vere i salen når filmen vert vist i Haugesund. Han har eit relativt nært forhold til Geiranger, staden dei reiseglade foreldra hass besøkte på si signingsferd i juni 1991.

Kongeparet har òg vore tilbake fleire gonger, mellom anna for å feire sølvbryllaupet sitt på fjellgarden Skageflå i Geirangerfjorden i 1993.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Òg kronprinsparet har gjesta Geiranger ved fleire høve, seinast i 2012.

Måndag 17. august får Kari Anne Moes dokumentarfilm «Pøbler» verdspremiere på Den norske filmfestivalen i Haugesund. Filmen er støtta av Kronprinsparets fond, og Kronprinsen vil oververe`også denne visninga, melder festivalleiinga i ei pressemelding.

Både kronprins Haakon Magnus og kongefamilien elles har eit nært forhold til Geiranger. Her frå eit besøk i 2012. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS