Det ein kan kalle breiddeheltar. Breidde i ordets vidaste forstand. I god tid før Bugge nådde toppen på rekordtida 42.57, kom ein kar nedover. Med medaljen dinglande på ei solid brystkasse. Vi kom i prat, og her er historia til Tommas Prozenko (60):

– For tre år sidan vog eg 160 kilo. Det enda med slankeoperasjon og fjerning av 80 prosent av magesekken. For to år sidan var eg på rehabilitering på Muritunet, så dette er nesten «heimebane», sjølv om eg er debutant i Mefjellet Opp, 70 kilo lettare enn for tre år sidan.

Stod opp 03.20

– Men namnet ditt, det fortel at du ikkje er av norsk opphav, sjølv om språket ditt er heilt perfekt.

– Bestefar min rømde frå Ukraina i 1918, namnet er derifrå. Sjølv har eg budd i Noreg heile livet. Eg bur på Fiskå. I natt stod eg opp klokka 03.20 for å vere her tidleg. Veit du, dette er sjuande medaljen min i år, og det skal bli fleire. Har nemleg planar om å delta både på Saudehornet og Skåla i august, seier Tommas, ein mann med nytt liv og gode år framføre seg.

– Eg skal gjere det som står i mi makt for å hindre at unødige kilo kjem tilbake, seier Tommas, kanskje den største helten av alle 132 som vart registrert på toppen.

– To søner av meg var med å starte dette løpet, seier Trine Hauge (t.h), som bur på Hauge i Fjørå. Ho hadde med seg Inger Kristin Hauge (t.v) og Fredrik Hordnes Haugen til ein frisk spasertur i mosjonsklassa. Foto: Atle Hole