Hjartåbergtunnelen i Volda kommune skal etter planen opne 20. desember, men no har alt arbeid stoppa opp, melder Møre-Nytt, onsdag.

Årsaka til stansen er ifølgje avisa at det danske selskapet som skal ordne det eletriske arbeidet i tunnelen - KB Electrotech, er i gjeldsforhandlingar.

– No ventar vi på ei avklaring, så får vi sjå om dei kan fortsette arbeidet eller om vi må få inn ein ny entreprenør, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen.

- Det skal ikkje så mange dagane til før vi må utsette tunnelopninga ytterlegare, og kanskje må vi vente til over nyttår, fortel han til Møre-Nytt.

Hjartåbergtunnelen skulle etter planen ha opna tidleg i haust. Opninga vart først utsett fordi hovudentreprenøren vart forseinka med sitt arbeid, og kan no altså bli ytterlegare forseinka.