Herøyreiar Per Sævik førebur seg framleis på kamp i rettssalen for å få hand om aksjeposten Sogn og Fjordane fylkeskommune vil bli kvitt i Fjord1. Men storeigaren i Havilafjord er naturleg nok nøgd med at Konkurransetilsynet forbyr Torghatten å kjøpe aksjane.

Den andre Fjord1-eiagaren meiner dei har krav på å få kjøpe aksjeposten.

– Vi er veldig nøgd. Sjølv om vårt krav er ei separat sak, så er det klart at vi ser på avgjerda til Konkurransetilsynet som ein delsiger, seier Sævik.

Les også:

Legger ned forbud mot Fjord1-salg

Fylkesordføraren overraska over Fjord1-forbod

– Vil vere tilsnakkande

Sævik-familien sitt selskap eiger 39 prosent av Fjord1, og meiner salet av Fjord1-aksjar via F1-Holding er ein måte å omgå forkjøpsretten til Havilafjord.  Og sidan det er vedtaket frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane som Havilafjord meiner utløyser denne retten, er det framleis planlagt at partane møtast i rettssalen i slutten av august.

Men Sævik vil ikkje sjå vekk frå at striden no kan løysast på anna vis.

– Det er over ein og ein halv månad til det eventuelt skjer, og vi veit ikkje kva som skjer i den perioden. Frå vår side jobbast det heile tida med å førebu saka. Men det betyr ikkje at vi har eit så sterkt ønskje om å gjennomføre rettssak, at vi ikkje er tilsnakkande om det er andre mulegheiter, seier Sævik.

Les også:

Satt av sju dagar til Fjord1-rettssak

Torghatten tilbyr å selge datterselskap

Ballen hos fylkeskommunen

– Vil Havilafjord ta initiativ overfor fylkeskommunen for å få løyst striden utanfor rettssalen?

– Det er dei som har utløyst denne rettslege konflikten rundt dette med forkjøpsrett eller løysingsrett til aksjane, og då meiner vi det er naturleg at dei tek initiativet om dei meiner det er grunnlag for det, svarar han.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) vil ikkje kommentere dette, og viser til at det er fylkesutvalet som må handsame saka.

Sævik er forsiktig med å gi råd til fylkeskommunen om å bruke ankeretten, eller ikkje.

Han peiker likevel på at vedtaket i Konkurransetilsynet er tydeleg. Han nemner også at han har vanskeleg for å tru at dagens regjering med deira haldning til konkurranse i næringslivet, vil gjere om på ei slik avgjerd.

Sa nei Avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet meiner at eit sal til Torghatten ville føre til mindre konkurranse og risiko for auka kostnader i ferjeanbod i framtida.

Må møtast

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) peiker på at det er fylkesutvalet som handterer eigarskapet i Fjord1, og at dei difor må samlast så snart som råd.

– Vi vil gå grundig gjennom vedtaket og sjå kva som ligg i det. Så må vi ha eit møte over ferien og avgjere kva som blir vegen vidare, seier ho til Sunnmørsposten.

Konkurransetilsynet varsla allereie i mai at de vurderte å sette ned foten for salet av aksjane frå fylkeskommunen til Torghatten.

Konsernsjef Brynjar Forbergskog i Torghatten sier til NRK at han er skuffa, men at han førebels ikkje kan seie om det blir ei klage.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Må til politisk handsaming

Heller ikkje fylkesrådmann Tore Eriksen vil seie så mykje konkret om mulegheitene for ei klage, før dei har sett nærare på vedtaket.

Når det gjeld mulegheita for å ta kontakt med Havilafjord om eit sal, svarar han slik:

– Vegen vidare er vanskeleg å sjå no. Fylkesutvalet gjorde eit vedtak om å selje til Torghatten, og dette har vore administrasjonen si oppgåve. No går ballen tilbake til fylkesutvalet, meiner han.

Fylkesrådmannen peiker samstundes på at det var eit stort mindretal som ønskja å finne ei løysing saman med Havilafjord og Fjord1-administrasjonen, og at kanskje dette er eit alternativ.

– Men det kan også vere nokre som no har snudd og meiner noko anna. Det får vi sjå, seier Eriksen.