Etter ein krevjande innspurt, klarte selskapet Hoven Loen å stable nok pengar på plass til å gi grønt lys for ei av dei største reiselivssatsingane på Nordvestlandet nokon sinne.

På toppen av fjellet har jobben med å tilrettelegge for turstiar og bygningar allereie vore i gong ei stund. Frå no vert det full fart i arbeidet med å bygge sjølve bana.

Garanterer for 100 mill.

Det var stor stemning under generalforsamlinga i selskapet Hoven Loen tysdag kveld. I løpet av kvelden vart det klart at aksjonærar forplikta seg til å gå inn med 93 millionar kroner.

Sjå heile aksjonærlista her

Meir å lese under bildet

Hoven Både arkitekturen og plasseringa på toppen av Hoven er spektakulær. Frå restauranten med plass til 450 personar vil ein ha utsikt både mot Jostedalsbreen og Sunnmørsalpane, men fjellstasjonen skal òg vere utgangspunkt for aktivitetar året rundt. Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor AS i samarbeid med siv.ing. Eva Eide Koefoed

Bankane som skal låne ut resten av pengane til totalinvesteringa på 207 millionar har kravd ein eigenkapital på kring 100 millionar.

–  Dette er no dei store aksjonærane sikre på at vi skal klare. Dei har difor sagt at dei vil stille opp med dei resterande pengane - om det trengst, seier styreleiar Leif Riksheim til smp.no.

Meir om saka: Har nær 100 mill. - Doppelmayr vurderer å investereKlart for bygging av taubane i Loen

At representantane for Doppelmayr Garaventa sjølv tok opp mulegheita for at dei kunne investere i bana - svekka nok ikkje akkurat avgjerda.

Onsdag føremiddag kunne difor avtalen om kjøp av gondolbana til 70 millionar kroner frå det sveitsiske konsernet signerast.

Krevjande å få planane klare

Anslaget for når pengane skulle vere på plass har vore utsett fleire gongar.

– Har det vore ein tung jobb å få inn pengane?

– Nei, det har ikkje vore tungt - men dei siste månadene har vore krevjande fordi vi gjerne ville ha alt av planar på plass før vi starta innkrevjinga av pengar. Ein kan ikkje invitere folk til å bruke pengar, før dei ser at prosjektet kan realiserast, forklarar styreleiaren.

Meir å lese under bildet

Restaurant Ved å ha bana klar for opplæring av tilsette mot slutten av 2016, kan den samstundes nyttast til å utruste restauranten vinteren 2016/17. Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor AS i samarbeid med siv.ing. Eva Eide Koefoed

Ålesundaren Riksheim er mektig imponert over kapitalen som er reist i lokalmiljøet.

– Eg trur alle som møtte i generalforsamlinga opplevde ei utruleg entusiastisk stemning. Dette med pengar har ikkje vore det vanskelegaste, legg han til.

Risikerte utsetting

Det er framleis Hotel Alexandra og Nordfjord Kjøtt som er dei klart største aksjonærane, saman med Stryn kommune. Elles på aksjonærlista finn vi ei rekkje ulike selskap - som familieselskapet til Kleven i Ulsteinvik, saman med Riksheim sitt eige selskap Weleard.

– Det er hovudsakeleg lokale folk, men også mange med forretningssamband, vener eller på anna vis har god kontakt med Loen og Hotel Alexandra, utdjupar Riksheim.

Meir å lese under bildet

Anleggsarbeid Anleggsarbeidet på fjellet Hoven tusen meter over havet i Loen er godt i gang. Foto: Richard Grov

Riksheim fortel at klarsignalet for bygging kom i grevens tid, for at dei skal halde tidsskjemaet for opning våren 2017. Om ein kom seinare i gong, kunne heile prosjektet vorte utsett med eitt år.

Planen er at bana kan vere i drift for opplæring av dei tilsette mot slutten av neste år. Då kan også bana nyttast til å utruste restauranten på toppen av Hoven i løpet av vinteren 2016/17.

Cruisetrafikken berebjelke

Fleire stiller seg nok spørsmålet om korleis det er muleg å få 65.000 besøkande allereie første året til den vesle bygda, men det bekymrar ikkje Riksheim. Han viser til at kring 300.000 allereie i dag besøker Briksdalsbreen via nabobygda Olden ei knapp mil unna.

I tillegg er det planar om å busse eit betydeleg antal cruisepassasjerar frå Geirangerfjorden.

– Cruisetrafikken utgjer berebjelken i dette, og cruiseselskapa har vore veldig positive til Hoven Loen-prosjektet. Samstundes er det planlagt ei auke i cruistrafikken til Olden, så vi trur faktisk 65.000 besøkande er eit forsiktig anslag, fortel Riksheim.

Anleggsarbeidet på fjellet Hoven tusen meter over havet i Loen er godt i gang. Foto: Richard Grov