Barndomskameratane Per Larsgård Steinsvik (30) og Jon Georg Dale (31) frå Dalsfjorden i Volda kjenner kvarandre ut og inn. Dei to har i utgangspunktet svært mykje til felles. Men, når det kjem til politikk stoppar likskapen dei to imellom.

Ikkje diskutere

– Etter kvart måtte eg og Jon Georg berre inngå ein bindande avtale – vi skulle aldri diskutere politikk når vi var på fest i lag.

– Dei høglydte diskusjonane våre vart etter kvart ein farleg festdrepar, flirer Per Steinsvik.

Sau og hund

Sauebonden i Steinsvika inst i fjorden tek den ferske landbruksministeren hjarteleg i høgrehanda – når dei to igjen treffast – søndag 3. juledag.

Høvet er at landbruksministeren skal lagast laurdagsportrett på i Sunnmørsposten. Det er ønskjeleg med nokre sauer på bilde med statsråden. Per Steinsvik har heile 95 vinterfôra eksemplar av arten i fjøsen, som inntil for fire år sidan var kufjøs med mjølkeproduksjon. Og han har gjetarhundar av rasen border collie, Jon Georg Dale sin store lidenskap før han flytta til hovudstaden.

Steinsvik stiller opp på eitt vilkår: At han får seie eit pauli ord til ministerkompisen.

Investeringstilskot

– Du må snarast sjå nærare på ordninga med investeringstilskot, slik at det vert mogleg å halde oppe utkantbruk på denne storleik, formanar Steinsvik.

Dermed får Dale, heime på juleferie, umiddelbart ministerhatten på. Formuleringane frå synfaringa inne i sauebingane vert straks meir av politisk art.

Men Dale vil sjå på dei fleste ordningar som har med landbruk og matproduksjon å gjere.

– Den store utfordringa framover vert uansett å få dei yngre til å ta over gardsbruka.

Større bruk

– Skal ein lykkast med dette, ligg det i korta at bruka må vere av ein viss storleik. Dilemmaet vert då at det blir plass til svært få bruk som er store nok til å vere drivverdige i små bygder, vurderer Dale. Han gjev elles kameraten dei beste skotsmål.

– Per er seriøs og får til alt han tek i, inkludert lakseoppdrett, konstaterer ministeren. Han seier han skal ha hund att ein gong. Kanskje også sau. Spelsau.

– Det blir tidlegast – og i beste fall – når du er pensjonist. No når du har fått smaken på storpolitikk. Men, det er dessverre feil retning i politikken din, fintar sauebonde og senterpartipolitikar Per L. Steinsvik.

Landbruksminister Jon Georg Dale er dalsfjording på sin hals, sjølv om han aldri så mykje er både statsråd og osloinnbyggjar på heiltid. Foto: Knut Arne Aarset