Men dette vil koste pengar, og han søkjer om eit kommunalt tilskot på 200.000 kroner.

I søknaden skriv Lyngvær at han no har utarbeidd ein plan B i samråd med tidlegare bergingssjef Per Farstad, samt at dei vil hauste erfaringar frå det mislukka forsøket 21. april.

– Totalt vil prosjektet kome på ca. 800.000 kroner, inkludert forsøket 21. april, legg Lyngvær til.

Han skriv også at ein føresetnad for bidraget er at prosjektet lukkast. Målet han er å få flytte på vraket i løpet av mai.

Lyngvær varslar også at han vil søkje om økonomisk støtte frå Kystverket og Sykkylven Næringsutvikling.

HJELP: Bjørn Idar Lyngvær søkjer om kommunal støtte. Foto: Nils Harald Ånstad