Den kresne arrangøren Kyrkjehola Kulturbeite i Stordal er godt i gang med sitt ambisiøse kulturprogram for sommaren. I går kveld var det Emilia Amper Trio som inntok den stemningsfulle Rosekyrkja.

Emil-land

Emilia Amper er fødd i Småland og voks opp med same dialekten som alle nordmenn kjenner godt frå Emil i Lønneberga. Seinare spela ho seg inn på sjølvaste Musikhøgskolan i Stockholm med sitt favorittinstrument nyckelharpa, som godt kan kallast Sveriges svar på hardingfela.

Etter kvart hamna ho i Trondheim og har studert komposisjon under Odd Johan Overøye. Og sidan stordalingen Overøye er hoffleverandør av talent til kulturbeitet heime i Stordal, gjekk det ikkje lenge før også Emilia Amper Trio stod på programmet i den stemningsfulle gamlekyrkja i Stordal.

Emilia Amper Trio – med Emilia Amper sjølv på nyckelharpe, norske Rolf Hoff Baltzersen på bass og svenske Petter Berndalen på perkusjon – blandar svensk og norsk folkemusikk med impulsar frå jazz og rock. Resultatet er livleg og rytmesterkt.

I toppen

Emilia Amper er ei av Sveriges fremste utøvarar på nyckelharpa samtidig som ho arbeider saman med toppfigurar både innanfor dei fremste jazz og kammermusikarane i Norden. På konserten i Rosekyrkja trakterte ho instrumentet myndig og medrivande og batt det heile saman med fakta om instrumentet, musikkhistorie og gode historier.

Konserten byrja med ein velkomstsong med Emilia Amper åleine med nyckelharpa i midtgangen og heldt fram med slengpols frå Småland og pols frå Västergötland. Feiande flott var hennar eigen melodi til Gustaf Frødings vise om Herr Lager, komponert under studietida i Trondheim. Både bassist og perkusjonist viste at dei også kunne stå på eigne bein som solistar. Etter ein stemningsfull bassolo frå Rolf Hoff Baltzersen gav Petter Berndalen publikum ein smakebit på sitt imponerande rytmespel.

Andektig

Eit andektig publikum, 90 i talet, fylte nesten opp alle dei slitne kyrkjebenkene i Rosekyrkja. Med ei mild kveldssol inn gjennom vindauga, fekk publikum ei minnerik musikalsk oppleving med vakre opplevingar både for auge og øyre. Kjetil Tandstad

Emilia Amper Trio med Emilia Amper på nyckelharpa, Rolf Hoff Baltzerzen på bass og Petter Berndalen på perkusjon.Foto: Joacim Jørgensen.