Ein bil har køyrd utfor vegen, naudetatane er på veg til staden, skriv dei på Twitter klokka 09.03.
– Vi er på staden. Ein bil har landa på taket i Hamnsundsvingen. Personen som var i bilen er no ute av den, seier Nils Bjerknes på 110-sentralen.
Etter det smp.no har grunn til å tru skal det ikkje vere snakk om alvorlege personskader.
– Personen er medviten og ser ut til å vere lettare skadd. Vi er snart framme, opplyser politiet klokka 09.24.
Ambulanse er på veg til staden, i tillegg til politi og brannmannskap.
Har du tips eller foto? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller ring 95 400 400.
Smp.no oppdaterer saka.