– Eg føler meg i bra slag. Eigentleg har eg følt meg i god form lenge, sett vekk frå to veker eg var ute med sjukdom. Eg håper å spele meg inn på laget så fort som mogleg. Aller helst allereie mot Egersund til helga, seier Beite til Sunnmørsposten.

Publikumsfavoritt

Angriparen har blitt ein slags publikumsfavoritt på Høddvoll. Når laget slit høyrer ein fleire frå tribunen som roper: «Få inn på na Beite!». Det har ofte fungert godt. På ni innhopp har Beite scora tre seriemål for Hødd i år.

– Før kampen mot Hønefoss sist helg stod eg med tre mål på ca. 150 speleminutt. I og med laget har slite såpass med å score mål er det kanskje rart eg ikkje har fått starte kampar enno. Skal eg vere heilt ærleg så begynner det jo å tære litt på, innrømmer 21-åringen frå Skodje.

Har ikkje agent

Beite svarer «har tenkt på det» på spørsmål om det kunne ha vore lurt med eit utlån til ein annan klubb for å få speletid på høgast mogleg nivå.

– Å spele 4-divisjon blir liksom ikkje det same. Eg spelte også i 4.-divisjon for Skodje då eg var 15-16 år. Får eg ikkje spele på eit høgare nivå enn 4.-divisjon stoppar utviklinga mi, seier Sondre Beite.

Han er ikkje i dialog med andre klubbar per no. Og har heller ikkje eigen agent.

– Men eg burde kanskje skaffa meg det snart, seier Sondre Beite.

Ifølgje sportssjef André Nevstad har Hødd så langt ikkje fått førespurnader frå andre klubbar med omsyn til Beite.

Starta cupkamp

Sondre Beite gjekk frå Skodje til Hødd etter 2013-sesongen. Han fekk a-lagsdebuten heilt på tampen av den sesongen. Vidare spelte han 12 serie- og cupkampar i 2015 – og 18 i 2016. I år har Beite spelte ti kampar. Den eine av dei han starta var ein cupkamp mot Spjelkavik.