– Endringa frå veg- til sjøtransport skjer for sakte
I år har regjeringa innført ei ordning med tilskot til reiarlag for overføring av gods til sjø.
Kystverket administrerer ordninga, og målet er å styrke konkurransekrafta til sjøtransporten og bidra til at meir gods blir transportert til sjøs.
Til saman har seks ulike prosjekt fått lovnader om 93 millionar kroner i tilskot.
Det er berekna at desse prosjekta kan flytte 2,7 millionar tonn gods frå veg til sjø i løpet av perioden på tre år.
Stortinget har eit mål om at minst 30 prosent av transport over 300 kilometer skal skje til sjøs eller jernbane innan år 2030.