KOMMENTAR

Kanskje er det ein innebygd logikk at når statssekretær Bård Hoksrud meiner at fartsgrensene er kunstig lave i Norge, så vil han bere på ein overdriven skepsis til kontrolltiltak som tek sikte på å handheve dei same fartsgrensene.

Det er no over eitt år sidan Hoksrud gledesstrålande kunne fortelje at alle søknader frå Statens Vegvesen om innføring av såkalla gjennomsnittsmåling på nye strekningar vart stilte i bero. Dette fekk fylgjer mellom anna for Ålesundstunnelane. Stortingsrepresentanten Hoksrud var særleg oppteken av personvernet i eit skriftleg spørsmål til dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete sommaren 2009.

Strekningsmåling – som det også vert kalla, fungerer slik at gjennomsnittsfarta vert målt mellom to fotoboksar som står med fleire kilometers mellomrom. Det inneber at det vert teke eit bilde av alle bilistar som passerer den første boksa. Bildet blir imidlertid sletta med ein gong boks nummer to konstaterer at fartsgrensa ikkje er broten.

Personvernnemnda slo i mars 2011 fast at den behandlingsmåten som vegvesenet har av datamaterialet er forsvarleg.

Dette er tydelegvis ikkje godt nok, men for folk flest – som er opptatt av trafikktryggleik – bør dette vere rikeleg. Hoksrud har imidlertid meir på lager: Han fortel at der det er gjennomsnittsmåling blir folk veldig opptatt av å sjå på speedometeret og mindre opptekne av vegen.

– Det aller viktigaste ein gjer som sjåfør er å ha fokus på veg og trafikk, seier han til NRK.

Trygg Trafikk avviser dette på det sterkaste og har solid støtte i undersøkingar: Talet på trafikkulykker går sterkt ned der det vert innført gjennomsnittsmåling.

Men i det same spørsmålet til Navarsete i 2009 slepp Hoksrud katten ut av sekken:

– Men kunstig lave fartsgrenser vert gjennomsnittsmåling mellom fotoboksar berre nok ei avgift som kun har til hensikt å hente pengar inn i statskassa.

Etter meir enn eitt år med evaluering har Samferdselsdepartementet enno ikkje konkludert om ein skal avvikle gjennomsnittsmålingane. I mellomtida leverte Transportøkonomisk institutt så seint som i august i fjor, ein rapport som bygger på data frå 14 strekningar med snittmåling. Han er like klar som dei andre rapportane som har kome etter at den første strekningsmålinga vart innført på E18 i Telemark sommaren 2009.

Tiltaket fører til ein reduksjon i ulykker med personskade på mellom 12 og 22 prosent. Talet på drepne og hardt skadde har vorte halvert – mellom 49 og 54 prosent for å vere heilt nøyaktig. Men rapporten inneheld også eit anna funn av interesse: Virkninga av tiltaket ser ut til å vere minst like godt i tunnel som på vanleg veg.

Samferdselsministeren sjølv – Ketil Solvik-Olsen – har først og fremst argumentert mot gjennomsnittsmåling med at dei har priotert andre tiltak som gir betre effekt.

Det er vel og bra, men rumlefelt og kontroll med utanlanske vogntog har neppe særleg stor innverknad på fartsnivået i Ålesundstunnelane.

Det hadde gjennomsnittsmålinga lagt ein dempar på. Dessuten er det svært kostnadseffektivt. Det verkar som om den politiske leiinga vil intensivere alle andre tiltak enn dei som kan redusere farten.

Tankane glir lett tilbake til 70-talet og den rabiate og ikkje minst fartsglade Bjørn Sand-skikkelsen «Stutum»s krystallklare postulat: «Det er ikke farten som dreper. Det er de bråstoppene».

Det er bråstoppa som drep og skadar, men oftast er for høg fart årsaka.