Randi Lise Rønnestad (72), oppvaksen i Volda, karrierekvinne med verda som arbeidsplass, no alderspensjonist med bustad i Oslo.

For sju år sidan kjøpte ho besteforeldregarden Bakkane på Folkestad, som har vore i slekta hennar sidan han vart rydda og bygd i 1852.

Panikk

– Først fekk eg litt panikk, garden var temmeleg forfallen. Men så ein dag vakna eg med eit kulturprosjekt i hovudet. Det kom til meg som i ein draum, fortel Rønnestad.

I løpet av dei sju siste åra er mykje godt arbeid gjort i Bakkane, eller Kulturbakkane, som eigaren har døypt garden. Alle seks husa på garden er restaurerte. Nystova, gamlestova, løa, vårfjøsen, kvernhuset og naustet.

– Eg har sagt til gutane mine at det ikkje vert anna å arve etter meg enn Bakkane. Eg har brukt alle pengane mine på dette prosjektet. Vi snakkar om fleire millionar kroner, seier 72-åringen.

Les fleire nyheiter frå søre Sunnmøre og Nordfjord her

Antikvarisk

I restaureringa har ho hatt god hjelp av lokale handverkarar som Kåre Løvoll, Magne Sollid, Jan Kåre Rønnestad og Harald Aarset. Dei eldste bygningane er restaurerte og utbetra etter antikvariske retningslinjer.

Hovudhuset frå 1917 er restaurert til meir tidsmessig bustandard, men opphavleg materiale og detaljar er tekne vare på så langt det har late seg gjere. Framleis gjenstår det noko arbeid før Kulturbakkane vil framstå heilt slik som Rønnestad drøymer om.

– Men frå neste år skal tunet vere klart til bruk. Eg ser føre meg at eg kan ta imot skuleklassar her, at her kan haldast kurs, og ulike arrangement.

Første kurs

I helga som akkurat er over, vart det for første gong arrangert kurs i Kulturbakkane. Filtmakar Ruth Johansen kom frå Stavanger for å lære vekk å lage bruksting i saueskinn med gammal saumteknikk.

– Denne staden har sjel. Gamlestova og tunet er perfekte kulissar for å lære gammalt handverk, synest Johansen. Kulturbakkane på Folkestad var i år nominert til Godt vern-prisen, som vert kåra av Fortidsminneforeningen i samarbeid med Sunnmørsposten.

– Eg nådde ikkje heilt opp i den konkurransen. Men eg burde ha vunne. Denne staden er fantastisk. Kvar gong eg er her vert eg meir og meir biten av Bakkane-basillen, smiler Randi Lise Rønnestad.

Les fleire kultursaker her

Respekt

Ho har eit sterkt ønske om å bruke Kulturbakkane til å formidle både gamle bygningstradisjonar, gamle drifts- og arbeidsmåtar, og levekåra frå den tida småbruket var i drift.

– Spesielt har eg lyst å fortelje historia til forfedrane våre til dei som er unge i dag, slik at dei får respekt for alt strev og slit tidlegare slekter har lagt ned. Randi Lise Rønnestad har ein master i leiing, og er utdanna både jurist og økonom. I ei årrekkje jobba ho som prosjektleiar i Telenor, noko som medførte mykje jobbing utanlands.

Støtte

– Bakgrunnen min kjem godt med i planlegginga av Kulturbakkanne. Eg er god på prosjekt. No gjenstår det berre å få lokalbefolkninga og andre med på laget.

Randi Lise Rønnestad har fått støtte frå Norsk kulturminnefond og SMIL (fylkeskommunen) til arbeidet med å restaurere garden i Bakkane. Planen er å organisere Kulturbakkane som ei stifting.

I tillegg til Nystova (bakarst), gamlestova og løa, høyrer det også eit vårfjøs, eit kvernhus og eit naust til garden Bakkane. Foto: Hild Nordal
Bakkane, eller Kulturbakkane som eigaren kallar garden, ligg 300 meter over havet og har fantastisk utsyn over Volda, Voldsfjorden og Austefjorden. Foto: Hild Nordal
I helga hadde Ruth Johansen (t.v.) kurs i gammal saumteknikk i gamlestova på Bakkane. Randi Lise Rønnestad til høgre. Foto: Hild Nordal
Løa på Bakkane har fått nytt utedo etter gammal mal. Foto: Hild Nordal