Fylkesordførar Åshild Kjelsnes i Sogn og Fjordane fekk ikkje med seg løfter om pengar til utbetring av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik på ein Oslo-tur fredag, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

– Det var ei klar tilbakemelding frå departementet om at det ikkje blir noko medfinansiering frå staten. Verken forskottering eller eventuell overtaking av veg, sier Kjelsnes til kanalen etter møtet med toppleiiinga i Samferdsledepartementet.

Strekninga Ugla-Skarstein står igjen på vegen som har fått det tvilsame tilnamnet.

Fylkesordføraren påpeiker at saka er ei utfordring for fylkeskommunen, og meiner dei ikkje har midlar til å starte opp større prosjekt.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Stryn-ordførar Sven Flo (H) seier på si side at det var greitt med ei avklaring. Han har no har store forventingar til at fylkespolitikarane vil prioritere vegen, og meiner dei har mulegheit til det sjølv om økonomien er skral.