Då bar han og følget med seg skia opp på Nordre Smørskredtind i Stranda kommune. På toppen der kunne dei melde om 400 meter med ski på beina.
– Frå der vi tok på oss skia var det ein 40-50 cm med snø heile vegen til topps. Skia kom på på cirka 1200 høgdemeter, fortel Kristoffersen.
Skåla: Morgon på 1848 moh
Høstferien: Nyt sola mens du kan
Før dei kunne ta på seg skia, måtte dei sjølvsagt bere dei på ryggen eit godt stykke.
– Ja, det blei no ein og ein halvtime med bæring. Så det blir jo litt for spesielt interesserte, dette her, seier han.
– Samstundes har utstyret blitt lettare. Det også gjer at ein kan gå tidlegare no enn før.
Skientusiasten avslutta sesongen i juni, og no er sesongen altså i gong att.
– Eg brukar å starte på denne tida, ja. Men der var meir snø oppe i høgda i fjor på same tid.
Må høgt opp
Mens fleire skientusiastart starta skisesongen i helga som var, er det det enno ein stund til vinteren kjem for alvor, fortel meteorolog Frode Hassel.
– Du må nok opp i over 1000 meter, i den grad du finn snø. No er det også forbigåande litt mildare, men kanskje det blir kjøligare til helga igjen, seier Hassel.