Songaren frå Gursken i Sande var hjarteleg til stades i Ålesund laurdag, i lag med rundt fem hundre andre glade koristar på Scandic Parken.

Norges Korforbund Sunnmøre sin hardtarbeidande komité sytte for eit saumlaust opplegg der kor etter kor song det dei vann framfor eit sprenglært domarpanel.

Stemne, korslag og liknande påhitt er ikkje nytt på Sunnmøre. Men dette var første gongen det vart nytta internasjonal maskevidde på panelet sin reiskap.

Vurderingane deira var altså så godt som EØS-tilpassa. Ikkje noko tull. Men alvoret var likevel ikkje større enn at kvart kor fekk med seg nokre munnlege godord med det same dei var ferdige.

Denne gongen ville det seg slik at Ervingen Blandakor frå Hovdebygda under leiing av Øyvind Lied vann sigeren som beste kor totalt.

Dei tok klassesigeren i klassisk/kirkemusikk, med si tolking av «Sure on this shining night».

Folketoneklassa vann Damekoret LYST, medan Skodje blandakor vann negro spiritials/gospel.

Einar Heen og Mannskoret Dovre vann si gruppe med «Deep river woman».

Juryen med Charlotte Fongen, Thomas Caplin og Erland Dahlen blei så begeistra for Vegard Bøe frå Bergsøy blandakor at dei gav han solistpris.

Det høyrer med til historien at det elles vart delt ut gull, sølv og bronse-diplomar til all dei 15 deltakarkora etter poenga dei fekk.

Attåt det munnlege, kom dei striksare, kan hende også litt nifsare faglege innvendingane, i lukka konvolutt etterpå – vi hadde så nær skrive med diskré avsendar.

Nedi der låg konstruktiv kritikk rundt punkt der songarane har meir å gå på.

– Er det eigentleg råd å tevle i song og musikk?

– Vi er ikkje med på dette for å vinne, seier Odd Kåre Wiik i Vyrde Mannskor.

– Jo visst har vi då konkurrert ein heil del. Det var meir tidlegare. Men no har vi fått att Torgeir Hauge som dirigent.

– Og han piskar dykk av garde?

– Dette er jo første gongen dei arrangerer noko slikt på våre kantar. All ære til korforbundet. Men eg ser det slik at det aller viktigaste er å delta. Kome saman, seier Odd Kåre Wiik.

– Når det er sagt, har vel eigentleg alle godt av å skjerpe seg litt i situasjonar som dette. Ikkje bli fullstendig sidrompa. Du vil helst gjere ditt beste når salen er full av korsongarar.

Wiik har vore med i Vyrde heilt sia starten for over 25 år sia.

– Alle kan syngje i kor. Jau, det meiner eg. Sjå på meg: Som gutunge torde eg ikkje syngje for maten, eingong. Men i ei større gruppe kan du finne ein plass og tilpasse deg.

Odd Kåre og Vyrde tek ikkje lett på songen. Det sosiale er likevel sterkaste drivkrafta deira.

– Eg slepp å slepe meg på øving. Har aldri spurt meg sjølv kvifor eg held på. Nyleg høyrde eg ein forskar prate om folkehelse: Ernæring og slikt utgjer 10 prosent. Resten ligg i det sosiale: Vere i lag med andre. Ha det kjekt, gjere noko lystbetont. Eg skjønar godt kvifor det er så mange kor rundt oss.

Enn sjølve cup-en, då? Alle kora er like gode for songarar og sal, meiner gurskingen. Ikkje for domarane, kan hende, men det er altså mindre viktig, skal vi tru Vyrde-veteranen.

Domar Caplin skrytte like fullt av klangen deira og dirigent Hauge som veit å hente ut koret sitt potensial. Men dei kan godt sleppe seg endå meir laus, lyder det frå eksperthald.

Krumtapp: Camilla Kvalsvik Aksnes hadde kapasitet nok til å syngje solo med Cervix Vocales – samstundes som ho var sjef for heile det store arrangementet i Ålesund laurdag. Imponerande. Foto: Bjørn Halvorsen
Kamerat: – Vi tek ikkje lett på songen. Men kameratskapen er det viktigaste. Eg slepp å slepe meg av garde på øving, fortel Odd Kåre Wiik i Vyrde Mannskor. Han har ikkje skofta på 25 år... Foto: Bjørn Halvorsen
Sirener: Jentekoret frå Gursken har blitt vaksne. Sirene hevdar seg heilt i toppen mest kvar dei enn stiller opp. Men denne gongen gjekk sigeren til Blandakoret Ervingen frå Hovdebygda. Foto: Bjørn Halvorsen