Karin Augusta Nogva

Karin Augusta Nogva :

Kva passar best, svarte eller lyse strømper til Geirfugl-kjolen? Slike spørsmål kan Karin Augusta Nogva bruke tid på for å få antrekket perfekt. Ingen uvanleg situasjon for kunstnaren som ser på seg sjølv som ein del av kunsten ho skaper.

–Eg er ei vare. Det går ikkje an å selje ei vare utan at innpakninga er interessant, og difor er eg blitt meir og meir bevisst på korleis eg framstår. Sjå her, eg har tatt med Geirfugl-kjolen, presentasjonsantrekket til Harlekins farfar, kimono med trykk av torsk og tjeld. Alt høyrer til kunstprosjekt inspirert av heimplassen min.

Karin Augusta Nogva dreg opp det eine klesplagget etter det andre, og tar med det regien over korleis ho vil bli promotert som Høstscenas festivalkunstnar. Få dagar før den offisielle opninga og visning av bestillingsverket ho har laga, Eurasia, sit vi på hurtigbåten frå Ålesund til Nogva på Flemsøy/Skuløy. For det er her ute på øya ho er oppvaksen, og hennar kreativitet og evne til å iscenesette seg sjølv og kunsten sin har vakse fram.

Men det er ikkje berre no Karin Augusta Nogva er svært nøye med korleis ho kler seg.

– Kvar dag har eg på meg noko anna enn i går, fortel ho som stadig dukkar ho opp på kunstutstillingar, konsertar, foreldremøte eller i sitt eige atelier i fargerike antrekk,- gul strømpebukse og grøn kjole ein dag, raud skjorte og blå korte bukser neste dag for så å dukke opp i buksedress i ruta Harlekin- mønster den tredje dagen.

– Når eg kler meg er det eigentleg ei spontan og impulsiv handling. Eg brukar ikkje mykje tid på det, men det er viktig for meg å vise omverda noko visuelt. Mitt arbeid som kunstnar omfattar meg sjølv. Eg har alltid likt å vere synleg, men eg gjer det ikkje for å vise meg fram og få skryt for antrekka mine. Motivasjonen min er å gi folk ei visuell oppleving, seier ho utan å blunke.

Sterke røter

Opphav er tema for årets teaterfestival, og festivalkunstnaren sitt eige opphav har lenge vore synleg i kunsten ho skaper.

Historia om Harlekins farfar, som Karin Augusta Nogva via den Kulturelle skulesekken har fortalt til tusenvis av skulebarn, er historia om hennar eigen farfar og alt det snodige han fann på.

–Der står Geirfuglen og tjelden som farfar har spikka, og som eg bruker som motiv i arbeida mine, seier ho og styrk over fuglane i tre som står ved det etter kvart så kjende farfarhuset i Vika på Nogva.

Geirfuglmotiv Sjølvlaga tapet med Geirfuglmotiv får plass på vegger i farfarhuset som er under oppussing.

Tjelden er synleg i den Harlekin-ruta tapetet som dekkjer delar av veggene i det tidlegare lokalet til kunstforeininga i Ålesund, medan Geirfuglen viser att i den rosa og svarte tapetet Karin Augusta har planar om å dekke vegger med i farfar-huset og dekoren ho har trykt på den grøne Geirfugl-kjolen.

– Kva er det med desse fuglane som fascinerer deg?

–Tjelden er ein eurasisk trekkfugl som det mykje av her ute ved kysten. Eg brukar han i mi visuelle utforsking av korleis kulturar vandrar mellom verdsdelar, forklarer kunstnaren som lenge har gjort sin fascinasjon av Japan synleg i sin bruk av småstilt papirklipp og japanispierte teseremoniar.

– Geirfuglen vart utrydda for fleire hundre år sidan, og det seier noko om vår livsstil og vår rovdrift på jorda. Når eg har på meg Geirfugl-kjolen og fortel denne historia til barn og vaksne, så trur eg det får dei til å tenkje på økologi, naturvern og sitt eige forbruk, seier Karin Augusta som blir inspirert på fleire vis av dei to fuglane farfaren spikka.

–Det er noko med kreativiteten, kunnskapen og det å kunne utføre handverk, slik farfar og min eigen far kan, som inspirerer meg veldig. På ein gard må ein kunne løyse praktiske ting, og lage ting med eigne hender. Dette er kvalitetar som eg saknar i dagens samfunn, men som eg finn her på Nogva.

Gard Familierøter betyr mykje for Karin Augusta. Her er ho saman med far Jon Åge som driv garden på Nogva.

Det fortel kunstnaren som sjølv er kjend for å kunne sitt handverk, og for å legge stor flid i utføringa av alle sine kunstnariske uttrykk om det så er sirleg forma ut papirklipp, tresnitt, sjølvsydde antrekk eller elegant serverte teseremoniar.

– Slurv likar eg ikkje. Alt må vere skikkeleg gjort, seier ho bestemt.

Kreativ heim

Karin Augusta Nogva har vakse opp i ein kreativ heim, der foreldra Jan Åge og Audhild tidleg lét borna Svein-Johan, Linda, Karin Augusta og Jill Alice oppleve teater, musikk og ulike formingsaktivitetar.

–Heime var det fokus på å lage ting. Syskena mine og eg fekk lov til å utfalde oss med alle slags formingsaktivitetar. Det var ikkje få gongar mamma måtte flytte middagen til stova fordi eg okkuperte heile kjøkenbordet med papirklipp, måling og trolldeig. At eg rota høyrde eg aldri eit ord om. Tvert om fekk eg skryt og opplevde at det eg gjorde var viktig, fortel 40-åringen og som hugsar då ho som 15-åring for første gong stilte ut eit verk offentleg.

Det var under UKM i Haram der ho vist fram eit fantasifullt og svært forseggjort trolldeigbilde. Festivalkunstnaren er ikkje i tvil om at foreldra sine positive haldningar til hennar kreative sider i oppveksten, har bidratt til at ho har satsa på kunsten som leveveg.

Debut Med eit forseggjort trolldeigbilde debuterte ho som kunstnar under UKM i Haram som 15-åring.

Satsa på kunsten

Kunstutdanning tok ho ved Kunsthøgskulen i Bergen og Edinburgh, før ho i 2006 flytta til Ålesund og starta opp Aggregat Atelierfellesskap saman med fire andre nyutdanna kunstnarar.

–I Ålesund fann eg fort ut at det ikkje var lurt for meg å satse berre på bildekunst. Til det er miljøet for lite, og konkurransen knalltøff. Difor har eg utvida mitt kreative spekter til å omfatte   utsmykkingsoppdrag, performance, musikk og teater i samarbeid med andre utøvarar, fortel Karin Augusta som i tillegg til eigne kunstprosjekt har fått merksemd saman med andre kunstnarar med til dømes det utekunstprosjektet «Moving», og teseremoniane Haiku.

Viktig jobb

Røter: Kystkultur og særleg hennar forhold til farfaren sin har lenge vore synleg i kunsten Karin Augusta Nogva skaper. Her vitjar festivalkunstnaren farfarhuset på Nogva som er med i verket Harlekins farfar,- det er historia om farfaren fortalt med figurar i sirleg utført papirklipp.

I 2015 vart Karin Augusta tildelt Ålesund kommune sin kunstnarpris for sitt kunstneriske virke i byen. Same året fekk Aggregat Atelierfellesskap Stiftelsen Kjell Holm sin kulturpris på 500.000 kroner.

Tidlegare har Nogva sjølv og atelierfellesskapet ho er ein del av mottatt fleire hundre tusen kroner i pengestøtte. Sjølv brukar Karin Augusta tid på å skrive søknader til ulike offentlege støtteordningar, delta i utsmykkingskonkurransar og marknadsføring av eigne kunstprosjekt.

–Det gjer eg for å sikre meg oppdrag og inntekt eit år fram i tid. Eg lever på ei slags minsteløn, men har til hus, mat og det borna mine treng. Eg likar å reise og et gjerne god mat,- særleg sushi, fortel trebarnsmora.

Karin Augusta vart skild frå barndomskjærasten frå Longva og far til dei to eldste borna i 2010.

–Det var då eg lærde meg at eg må vere i stand til å tenkje nytt. Farfar var alltid på jakt etter nye ting han kunne lage, og den same nyfikne haldninga prøver eg å ha i mitt kunstariske virke. Og eg er blitt flinkare til å kjenne når dagane er klare for endring, seier ho og stryk Geirfuglen over ryggen.

Trippel-dag Sambuar Tommas Brugrand, Karina Augusta og sonen deira Olai har alle gebursdag 22. april.

No er Karin Augusta etablert i nytt forhold, og er på ny småbarnsmor. Toåringen Olai vart fødd 22. april 2014 på gebursdagen hennar og sambuar Tommas Brugrand.

For tida er ho leiar for bildekunstnarane i Møre og Romsdal og kjempar for kunstnarane sine økonomiske kår, og for deira plass i samfunnet.

– Eg ventar rett og slett at eg og andre kunstnarar blir tildelt pengestøtte, fordi vi gjer ein viktig jobb for samfunnet, seier ho kontant

– Mi oppgåve som kunstnar er å følgje med på samfunnsutviklinga, og gripe inn om noko går i feil lei. Eg har lenge gitt varsku om at folk må engasjere seg, satse på innovasjon og verdiskaping. Sjå på skips- og oljeindustrien! Kor viktig er ikkje det no? spør ho.

– Du er blant dei kunstnarane som får støtte, og klarer å markere deg. Merkar du misunning i kunstmiljøet for dette?

– I den grad det førekjem ignorerer eg det. Ingen får pengar utan at det ligg mykje arbeid og engasjement bak. Difor gler eg meg over alle som får pengestøtte. Det viser at dei får til noko. Den same begeistringa føler eg at eg blir møtt med, seier Karin Augusta som av sine kunstnarkollegaer blir omtalt som raus, veldig engasjert og flink til å backe opp andre. Er lett til sinns, og finn på mykje leik og moro privat.

Men eigen kunst utfører ho med stort alvor og presisjon. Då kan ho til tider vere irriterande omstendeleg og analyserande. Som detaljen om val av strømpefarge. Svart eller kvit? Slett ikkje uviktig for perfeksjonisten Nogva.

___