Eg har vore uviss på om eg skulle svare Ålesund historielag / T. Melsæter på kronikken i Sunnmørsposten 22. oktober. For det første kan eg ikkje sjå nye argument, berre endå høgare ute-røyst. For det andre er eg uviss på kven eg debatterer med. Den første kronikken var tvillaust frå historielaget ved styreleiar. Men denne andre – er dette historielaget sine ord, eller er det styreleiar som privatperson? Sidan det er stor skilnad på det eit lag eller ein organisasjon hevdar og det privatperson gjev uttrykk for, ber eg historielaget om å klargjere kven det er som uttalar seg. Står historielaget for dei analysane og haldningane som er komne på trykk? Har slike utspel dekning i vedtektene til laget? Og kven er historielaget for? Det er openbert at etter historielaget si forståing av kva Ålesund er, vil eg ikkje kvalifisere til å vere ålesundar.

Litt ufriviljug komisk er det når historielaget går laus på meg av di eg ikkje har uttala meg om byvåpenet. Elles kjem dei med ei oppramsing av alt historielaget har engasjert seg i. No var det faktisk David Aasen Sandved (frå Haugesund), den gongen konservator på Jugendstilsenteret, som for mange år sidan først uttalte seg for vern av stallane. Men det er flott at andre også har gjort det. At historielaget engasjerer seg i byen er nyttig, bra og positivt. Eg har vore på fleire av arrangementa laget har hatt, og dei har vore veldig gode og interessante. Utan atterhald vil eg rose historielaget for desse. Men dette var altså ikkje det vi diskuterte. Slik eg les dei, hadde historielaget tre ærend med den første kronikken sin 6. oktober: forsvar for bokmålet, bykulturen og byvåpenet. Dessa skulle no nemleg vere truga av dei rasande barbarane i landkommunane.

Byvåpenet er fint og greitt nok, men eg klarer ikkje å svinge meg til dei store høgder til forsvar for det. Derimot ynskte eg å utfordre og nyansere biletet historielaget gav av både språk og kultur i Ålesund. Dette veit eg faktisk noko om, og det ligg meg på hjartet.

Det er heilt klart at den materielle kulturen med gjenreisingshus i sentrum etter bybrannen, er ein viktig identitetsmarkør for Ålesund. Men det er altså ålesundarane sjølve, svært mange av dei har vakse opp i bysentrum, som har vore den største trusselen mot dette kulturmiljøet. Kva denne syrgjelege utviklinga har med framtidig kommunesamanslåing å gjere, bør historielaget forklare nærare. Med ein slik argumentasjon burde til dømes klyngetunet på Ulla på Haramsøya, som òg er ein viktig identitetsmarkør, vere like truga av ei kommunesamanslåing. Det er vanskeleg å sjå at ei generell byutvikling med svekking av dei gamle sentra, slik Ålesund diverre har sams med bysamfunn over heile verda, skal bli verre i ei storkommune. Her er det truleg dei noverande kommunesenta i Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog, som er mest truga. Det viser til dømes utviklinga på Vatne og på Austnes, som for femti år sidan var sentrum i sine kommunar.

Kva så med den immaterielle kulturen? Det er sant at handverkarar, sjøfolk, fiskarar, handelsfolk, tenestejenter og fabrikkarbeidarar og mange andre, samla seg rundt ålesundet slik at byen vaks. Men vart kulturen difor annleis i byen enn på resten av Sunnmøre? Ein blekkslagar, ein skomakar eller ein tynnemakar var vel utøvar av det same handverket og brukte det same reiskapen sjølv om han heldt til i Haram eller i Herøy? Og mellom sjøfolka som reiste på alle hav var det bygdegutar like gjerne som bygutar. Arrangementa som historielaget har stått bak, viser til fulle at Ålesund ikkje har hatt ein immateriell kultur som var annleis enn den som dominerte på Sunnmøre. Dei har hatt arrangement på Bedehuset, Ynglingen, Sjømanns kvile og «Godtemplaren». Det er den same kulturen av sjøfolk og fiskarar, avhaldsrørsler, lågkyrkjelege vekkingsrørsler og andre kristne organisasjonar som har prega Sunnmøre frå midten av 1800-talet.

Ålesund har i den nye kommunen fått behalde namnet sitt, kommunesenteret skal vere i Ålesund og truleg får ein òg behalde byvåpenet. Ikkje ein kjeft kjem til å ta frå bokmålsfolket språket deira. At kommunetilsette òg må meistre dei to jamstelde norske språka er ikkje meir enn ein må krevje av folkets tenarar. Når historielaget ropar ulv, ulv av di bokmålet, bykulturen og byvåpenet skulle stå i fare for å bli «utradert», for å bruke deira eigne ord, så verkar dette rett og slett hysterisk. Dersom vi skal konkurrere om «utradering», så er dømet Borgund eit langt meir realistisk scenario for dei kommunane som no vert slukte av Ålesund. Når historielaget hevdar at: «ved planlagte kommunesammenslåing står bykulturen i Ålesund overfor en av de størst utfordringene noensinne», så spør eg: Kva med siste verdskrig? Kva med dei harde 30-åra då ein femtedel av innbyggjarane i Ålesund var på fattighjelp? Det hadde vore klokt av historielaget å leggje bort småbyarrogansen og vise litt magemål i sine analysar.

Aud Farstad