Ein mann i 20-åra er omkomen i ei trafikkulukke på fylkesveg 61 på Slagnes i Vanylven natt til søndag.

– Ulukka blei meldt inn til oss kvart over tre natt til søndag. Ein forbipasserande hadde observert ein bil i grøfta, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre til Sunnmørsposten søndag morgon.

Pårørande er varsla. Politiet vil søndag formidag ikkje gå ut med kvar den omkomne er heimehøyrande.

Prøver å finne svar

Politiet er på ulukkesstaden søndag. Det same er uykkesgruppe frå Statens vegvesen. Dei samarbeider no for å prøve å finne svar på kva som har skjedd.

– Det er ting som tyder på at det har gått ei stund før ulukka er blitt oppdaga. Det er ikkje mykje trafikk på staden. Vedkomande som melde frå til oss har ikkje observert sjølve ulukka, seier Sætre.

Ifølgje Sætre er det ikkje noko som tyder på at andre har vore involvert i ulukka eller sett sjølve ulukka.

– Viss nokon har sett noko, så er det sjølvsagt interessant for oss å få vite, seier Sætre.

Første melding frå politiet natt til søndag gjekk ut på at det var store materielle skadar og uavklart personskade i ulukka.

Fylkesveg 61 er steng inntil vidare

Fylkesveg 61 er mellombels stengd ved Slagnes, der ulukka har skjedd.

Vegen blir stengd til undersøkingane er ferdige. Klokka 13.15 opplyser politiet at det framleis er undersøkingar på staden. Det skal vere mogleg å passere, men det kan bli noko ventetid.

Ifølge NRK Møre og Romsdal er det lokal omkøyring på ein kommunal veg.

OPPDATERING: Klokka 13.57: Vegen er opna for trafikk.