Måndag kveld har politiet i Møre og Romsdal fått melding om 15-20 mopedar som skal ha køyrd stygt, nokon av dei med passasjer. Ein politipatrulje fann nokre av dei aktuelle køyretøya og personane. Dei har notert ned namn og registreringsnummer, og hatt ein alvorsprat, skriv politiet på Twitter.