KrF-landsmøtet:

Kjempar for å få Frisvoll inn i KrF-sentralstyret

Møre og Romsdal KrF vil ikkje nøye seg med varaplass til sentralstyret i partiet. Randi Walderhaug Frisvoll blir på landsmøtet i helga lansert til fast plass.

Kandidat: Randi Walderhaug Frisvoll blir lansert til fast plass i KrF-sentralstyret.  Foto: Geir H. Strand

New Articles

KrF har landsmøte på Sola i helga. Før møtet har valnemnda innstilt Randi Walderhaug Frisvoll (51) som første vara til sentralstyret i partiet, men etter det Sunnmørsposten forstår, vil delegasjonen frå Møre og Romsdal lansere Frisvoll til fast plass.

Frisvoll seier at ho har sagt seg villig til dette.

– Vervet er viktig for Møre og Romsdal. Det er på tide at Møre og Romsdal får fast plass i sentralstyret igjen. Når partiet no er i regjering, er det viktigare enn nokon gong, seier ho.

Stort fylkeslag

Møre og Romsdal er andre eller tredje største KrF-fylket, avhengig av om ein reknar medlemer eller stemmer. Det er likevel ni år sidan sist fylket var representert i sentralstyret i KrF, med Jan Kåre Aurdal som representant.

– Vi meiner vi har eit berettiga krav. Det er vår tur no til å få ein av våre på fast plass, seier Steinar Reiten som er delegat på landsmøtet.

Og han held fram:

– Randi er ein ypparleg kandidat med lang fartstid i partiet.

Frisvoll er i dag fylkesleiar i Møre og Romsdal, varaordførar i Haram og sit i fylkestinget, der ho har hatt plass i 15 år. Ho er også førstekandidat til fylkestingsvalet i år.

Medan mange politikarar er offentleg tilsett, har Frisvoll industribakgrunn. Som sveisar og klubbleiar ved skipsverftet Vard Brattvåg har ho ein uvanleg KrF-bakgrunn, noko Frisvoll sjølv meiner kan vere ein styrke for KrF.


Helgapraten:

Sveisande god politikar

Firebarnsmor, bestemor, engasjert politikar, sveisar og tillitsvalt for Vard.


Valnemda sitt forslag

Kjell Ingolf Ropstad (Agder) er innstilt som partileiar i KrF, medan Olaug V. Bollestad (Rogaland) er foreslått som første nestleiar og Ingelin Noresjø (Nordland) som andre nestleiar i partiet.

Dei fem sentralstyremedlemene som er innstilt er Erik Lunde (Oslo), Tove Welle Haugland (Agder), Magne Supphellen (Hordaland), Anders Tyvand (Vestfold) og Karin Bjørkhaug (Trøndelag). Og det blir dermed ein av desse fem Frisvoll vil måtte kjempe om plassen til.

Simon Molvær Grimstad er også delegat på landsmøtet, og han meiner det er ein god ide å lansere Frisvoll til fast plass:

– Første vara har møterett, og mange vil seie at det er så godt som fast plass til sentralstyret, men vi treng eit tydeleg signal på at Møre og Romsdal skal vere representert, ikkje berre symbolsk, seier Grimstad som er den som vil fremje forslaget frå talarstolen.