Ny X-bow-design til bil- og passasjerferjer

Ulstein introduserer nytt kompaktkonsept for bil- og passasjerferjer (RoPax).

NY DESIGN: Ulstein sitt RX104 design for bil- og passasjerferje (RoPax).  Foto: Ulstein

Ulstein sitt RX103 design for bil- og passasjerferje (RoPax)  Foto: Ulstein

New Articles

Mange RoPax-fartøy opererer under tøffe klimatiske forhold, som X-Bow-skipa opphaveleg vart utvikla for. Eit X-Bow-skip som opererer med same hastigheit i dei same verforholda vil ha mindre kraftforbruk enn eit fartøy med konvensjonell baug. X-Bow er ei skrogløysing som har vorte tatt i bruk innan ei rekke ulike marknadssegment, og fører til betre sjøeigenskapar, redusert fartstap og drivstofforbruk, og med det eit redusert miljøfotavtrykk, skriv Ulstein i ei pressemelding.

– Sjøeigenskapane til RoPax-skip er viktige for lasta og passasjerkomforten. I mange tilfelle vil rørslene i skipa gjere at det må slakke ned. Dette vil då vere utfordrande når det gjeld å halde ei rute. RoPax-skip med X-Bow vil derimot ikkje behøve å redusere farta sjølv ved rimeleg røft ver, noko som bidreg til å halde timetabellen. Dette er stadfesta med offshoreskip, der meir enn 90 skip allereie er i arbeid, seier områdeansvarleg for Design & Solutions i Ulstein Group, Tore Ulstein.

– RoPax er eit segment i vekst og vi kjem til å sjå fornyingar av flåtane i åra som kjem. Vi har i lengre tid arbeidd for å integrere Ulstein sin designtankegang i ei rekke RoPax-fartøy. Alle desse vert utstyrte med X-BOW-skrog. Designa våre på RoPax-fartøy er optimaliserte til marknadsbehova og vil bli bygde i seriar for volummarknaden, seier Tore Ulstein.

Eit mogleg land for skipsbygging er Kina, i følgje Ulstein.

– Vi har hatt selskap og site-team i Shanghai og Ningbo i mange år, og våre medarbeidarar der har lang erfaring med systemintegrasjon og oppfølging på verfta, seier Tore Ulstein. Han held fram:

– Meir enn halvparten av dei meir enn 100 Ulstein-designa bygde utanfor Noreg har blitt bygde i Kina med oppfølgingsteam frå Ulstein på staden. Vi har gode relasjonar til dei kinesiske samarbeidspartnarane våre og er i dialog med fleire verft om bygging av desse RoPax-fartøya.