Sommarljom:

Nytt festivalstyre til Sommarljom

Nytt styre og ny lokasjon til festivalen i Ørsta.

Festivalstyre: Sunniva Redse Mjaaseth og Torgeir Hovden Strandal er to av de som sitter i festivalstyret for Sommarljom.   Foto: Sommarljom Festival

New Articles

Det kjem fram i ei pressemelding frå festivalen. Grunnleggjarane av Sommarljom, Audun Ellingsen og Karen Rosenberg, har no gitt stafettpinnen vidare til Torkjell Hovland, Torgeir Hovden Strandal, Henrik Koppen og Sunniva Redse Mjaaseth.

–Vi gler oss til årets festival og ynskjer å føre Sommarljom vidare som eit viktig kulturbidrag i Volda og Ørsta, fortel Torkjell Hovland i meldinga.

Nytt i år er at festivalen skal gå føre seg i Bugafjøra, der ni artistar og band skal spele over tre dagar. Nokre av utøvarane i år er blant anna den internasjonalt kjende trioen Building Instrument frå Bergen.

Festivalen arrangerast i år for 18. gang av Konsertforeininga Sommarljom den 25–27. juli.