< Både Brimi og Nesvik til bransjetreff - Sunnmørsposten

Reiselivsnæringa med samling på Stranda:

Både Brimi og Nesvik til bransjetreff

Det er igjen klart for Treffpunkt Stranda, eit bransjetreff for reiselivsaktørar. Årets treff blir opna av fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik torsdag 3. oktober.

Kokk: Stjernekokk Arne Brimi kjem til Stranda.  Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

New Articles

Deretter er det duka for fleire dagar med gode opplevingar av natur, mat og drikke, ikkje minst fordi Treffpunkt Stranda vert avløyst av Stranda Porter & Stout-festival fredag og laurdag.

– Målet med bransjetreffet er å legge til rette for ein nyttig møteplass for ulike aktørar i reiselivet, og å skape endå betre heilskaplege opplevingar for dei som besøkjer området, seier initiativtakar Anders Adolfsson i ei pressemelding.

Heie på kvarandre

–Vi må heie på kvarandre, spele på lag og gjere kvarandre gode. Slik kan vi skape gode møte mellom menneske, noko av det aller viktigaste for dei som kjem hit. Vi er sjeldan gode på alt, men når vi samlar ressursane kan vi saman skape magi, legg Adolfsson til.

Treffpunkt Stranda har som mål å bli ein årleg nasjonal møteplass for reiselivsbransjen.

Hit kjem mellom andre Kristin Krohn Devold frå NHO Reiseliv, Arne Brimi frå Vianvang i Vågå, Andreas Storl frå European Cruise Service, forfattar Espen Smith og Bente Saxon frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.