Mørenot bygger ny fabrikk i Litauen

Den ny fabrikken skal produsere notposar til oppdrett.

Liudas Velykis (t.v.), leiar ved Mørenot-fabrikken Injector Doors UAB, og Ivar Sandnes, leiar for forretningsutvikling i Mørenot.  Foto: Mørenot

New Articles

Mørenot melder at dei satsar i Litauen. I sju år har dei vore etablert i Plungė i Litauen med produksjon av tråldører gjennom den heileigde fabrikken Injector Doors UAB.

I tilknyting til det eksisterande anlegget er det no signert avtale om bygging av 11.000 nye kvadratmeter for sammenstilling og behandling av notposar til oppdrettsnæringa, skriv Mørenot i ei pressemelding.

Med dette aukar Mørenot sin kapasitet på produksjon av nynot.

Notlinene som notposane blir produsert frå kjem frå Mørenot sin fabrikk på Hildre.

Produksjonen som blir flytta til Litauen skjer i dag i Spania. Etter at den nye fabrikken i Litauen står ferdig, vil Mørenot sine noverande produksjonsfasilitetar for notposar i Spania, i større grad rettast mot å levere service og oppfølging av marknadane i Sør-Europa, Midtausten og Afrika.

På spørsmål frå Sunnmørsposten seier Arne Birkeland i Mørenot at den nye storsatsinga i Litauen får null konsekvensar for Mørenot sine arbeidstakarar i Norge i dag. Dei har heller ingen planar om ei anna deling av oppgåvene enn den som dei har i dag.