VG: Helse Møre og Romsdal måtte betale tilbake 17,6 millionar

Fleire kommunar på Nordvestlandet har fått tilbake pengar av Helse Møre og Romsdal. Det etter at Molde kommune gjekk til sak som følge av sviktande pasientinfo frå sjukehusa.

Rådmannen gjekk i bresjen: Det var Molde rådmann, Arne Sverre Dahl, som førte saka mot helseforetaket på vegner av kommunen.  Foto: Bjørn Brunvoll/ Romsdals Budstikke

New Articles

Sjukehusa i Helse Møre og Romsdal skreiv over fleire år ut pasientar, utan å sørge for at kommunane som skulle ta imot dei var tilstrekkeleg informert om dei nyutskrivne pasientane.

Det melder VG.

Gjennom samhandlingsreforma er det bestemt at kommunane får 5000 kronar i bot per døgn når dei ikkje klarer å ta imot pasientar sjukehusa har skrive ut.

Molde kommune fekk til slutt nok av den manglande pasientinformasjonen, og tok saka tvisteløsningsnemnda.


– Molde og Kristiansund må drives som ett sjukehus

Kvernmo: Den nye direktøren i helseforetaket må skjønne hvordan Molde og Kristiansund skal drives som ett sjukehus, på to steder. Man må øve på å være ett sjukehus lenge før man flytter sammen.


Der fekk kommunen medhald i at Helse Møre og Romsdal hadde brote avtalen helseføretaket har med kommunane.

Dermed måtte Helse Møre og Romsdal betale tilbake til saman 17,6 millionar kroner til Molde og fem andre kommunar i fylket – Ålesund, Kristiansund, Sykkylven, Rauma og Giske.


Mer dårlig nytt for Helse Møre og Romsdal

Helse Midt-Norge ber helseministeren om mer penger til investeringer i bygg og utstyr.