Fikstivalen for fulle hus på Bygdaheim

Nært er kjært, heiter det. Det gjeld ikkje minst i Fiksdal, ei lita bygd med stor dugnadsvilje. Eit resultat av dette er Fikstivalen, som gjekk for fulle hus på kulturhuset Bygdaheim laurdag kveld.
New Articles

(Rbnett.no): Gjennom sang og musikk, sketsjar og videoinnslag fekk publikum eit innblikk i kva som skjer og har skjedd i Fiksdal den siste tida. Frå nyttår har Fiksdal fått ein ny nabo på Nakkereset, Haram er blitt til Ålesund kommune. Slik gir inspirasjon til revyfolk med skråblikk. Korleis skal det gå med vesle Fiksdal når vi får ein så stor og mektig nabo? Dette vart belyst gjennom videoklipp. Sambandet over fjellet til naboen på Sunnmøre har lange, gode og fruktbare tradisjonar, ikkje minst frå den tida det var populært med dansetilstellingar på Bygdaheim