Sunnmørsposten meiner:

Arbeidsgjevar burde ikkje betale for karantene

Kostnadsfritt: Dei som reiste på ferie til Spania i veka som gjekk, og må i karantene ved heimkomst, kan skubbe rekninga for karantenetida over på arbeidsgjevar. 

New Articles

Regjeringa sine nye reiseråd opnar nokre dører. Andre blir smelt igjen i andletet på reisesugne nordmenn. Konsekvensane kan bli ubehagelege for mange, men heller det enn at dei blir fatale for andre.

Midt i ein pandemi er det langt viktigare å halde kontroll på smitten, enn å oppfylle draumen sol ved Middelhavet for flest mogeleg.

Folk som kasta seg på første fly då det vart grønt lys for å reise til eit land som Spania, bør sjølv ta ansvar for karanteneplikta når dei kjem heim.


Spania blir «raudt» – men kan få regionvurderingar i framtida

Smittesituasjonen i Spania og Andorra gjer at nordmenn no må i karantene når dei kjem heim derifrå. Samtidig kan det i framtida bli regionvurderingar i Europa.


Regjeringa la fredag fram sine nye reiseråd. Dei inneber mellom anna at det blir grønt lys for reiser til nye fire regionar i Sverige, medan eit land som Spania får raudt.

Folk som bor i grensetraktene til svenske Värmland, grensehandlarar og norske hyttefolk kan altså no puste og reise friare for første gong sidan den vart stengd 17. mars. Det same kan Tom Cruise som får unntak frå reisereglane for å spele inn storfilm i Norge.


Nordmenn svenskehandla for 14,3 milliardar kroner i fjor

Nordmenn på dagstur la att 14,3 milliardar kroner hos naboane våre i Sverige i fjor. Svenskehandelen gjekk noko ned frå året før.


Verre er det for dei som har feriehus i langs kysten av Bohuslän eller i Spania. Dei må vente.

Verst er det for dei som reiste til Spania då det vart opna for det sist veke. Den døra smelte landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) igjen på pressekonferansen fredag. Dei som returnerer frå Spania etter midnatt natt til laurdag, må i ti dagar karantene.

Ansvaret for dette burde kvar enkelt ta sjølv. Ingen kan seie at dei reiste i god tru. Folkehelseinstituttet gjorde det klinkande klart at reiseråda kunne verte endra på kort varsel, slik at dei kunne bli råka av karanteneplikt ved heimkomst.

Med så klar tale frå styresmaktene burde den enkelte leggje denne risikoen inn i sine ferieplanar. Med andre ord at dei hadde klarert med arbeidsgjevar at dei kunne ta karantene på heimekontor, ta ferie i karanteneperioden eller ta fri utan løn.

Likevel er altså reglane slik at ein kan ha rett på sjukmelding og sjukepengar. Først om reisa er gjort i strid med styresmaktene sine reiseråd, er det snakk om sjukepengenekt.


«Mission Impossible» skal filmes i Norge – får unntak fra innreisereglene

Tom Cruise og den siste Mission Impossible-filmen skal gjøre opptak av scener i Norge i høst, og storproduksjonen får unntak fra innreiserestriksjonene.


Det er ingen grunn til å døme folk moralsk fordi dei reiste på ferie til Spania i løpet av dei sju siste dagane. Det er eit val som det er opp til kvar enkelt å ta.

Når det inneber ein kjent og tydeleg uttalt risiko for at det kan medføre karantene ved retur, bør det også følge eit ansvar med det valet. At arbeidsgjevar må betale for karanteneplikt ved arbeidsreiser er rimeleg. At arbeidsgjevar må betale sjukepengar for den risikoen arbeidstakar tar med opne auge, er heilt urimeleg.

Det er å sy puter under armane på folk og undergrave respekten for smittevernet.