– Å seie på TV at ein angrar, samtidig som ein er ubarbert og ser litt sliten ut, triggar tydelegvis eit eller anna i nokre kvinner, seier Jon Hustad og ler litt uforståande.

Etter at ørstingen hadde ein kronikk med tittelen «Ikkje min kulturminister» på trykk i Aftenposten 2. januar har Hustad vore midtpunktet i ein hissig debatt. I kronikken kritiserer Hustad kulturminister Hadia Tajik fordi ho, slik han ser det, ikkje er villig til å definere norsk kultur. Han skriv òg at norsk kultur vert truga av innvandring.

Har skapt debatt

Bakgrunnen var at Christian Tybring-Gjedde (Frp) før jul bad kulturministeren om å definere norsk kultur, og å svare på korleis ho ville «verne om og beskytte» den.

Etter dette har debatten rast i aviser og på sosiale medium, før den torsdag enda opp i programmet «Debatten» på NRK.

– Fleire, med kulturministeren i spissen, skuldar deg for å blande saman kultur som eit sosialantropologisk omgrep med kulturpolitikk. Tajik peikar på at det du ber henne definere ikkje ligg under hennar mandat som kulturminister. Er du einig i det?

– Jo, eg er einig i det, men utgangspunktet mitt var svaret ho hadde gitt Christian Tybring-Gjedde. Eg meiner ein kulturminister må kunne seie noko om kva som er norsk kultur. At Arbeiderpartiet sender helseministeren i staden for å debattere dette på TV, synest eg er rart.

Kommentar: Bak gjerda i Hustad sin leir

Aspergers

Etter at Hustad skreiv kronikken har fleire kalla han rasist. Nokre meiner òg at Hustad skreiv som han gjorde fordi Tajik er muslim.

– Eg står for innhaldet i kronikken, men overskrifta var ei tabbe. Eg burde ikkje ha skrive den overskrifta med tanke på at kulturministeren er muslimsk. Men det tenkte eg ikkje på.

– Meiner du seriøst at du ikkje tenkte på at Tajik er muslim og har pakistansk bakgrunn?

– Ja, alle som kjenner meg veit at eg manglar filter. Eg trur eg lir av ei eller anna form for Aspergers.

– Det må no kona di kunne seie noko om, ho som er overlege?

– Ja, altså, ho synest eg er ein raring. Det er nok veldig slitsamt å vere gift med meg.

Nordmenn er hardtarbeidande

– Men er du rasist?

– Eg oppfattar ikkje meg sjølv som det. Kvar genane dine kjem frå betyr ingenting, men kulturen du kjem frå betyr mykje.

– Og du meiner det er difor Norge er eit land med suksess, fordi vi har ein god kultur?

– Ja, vi har skaffa oss rikdom gjennom hardt harbeid og flid.

– Mange meiner at det er oljen som har gitt oss rikdom?

– Det er feil. Andre land, med meir olje enn Norge, er mykje fattigare enn oss. Vi er rike fordi vi er flinke til å arbeide.

– Du vil ha ned innvandringa, men har vi ikkje eit ansvar for å ta imot folk i nød?

– Vi er forplikta til å ta imot folk som treng vern, men dei fleste som kjem hit er ikkje forfylgt, men kjem hit som økonomiske flyktningar. Det meiner eg er feil. Problemet er at vi har dårleg samvit av di vi er steinrike.

Konsekvensar

Det er desse haldningane som har hissa på seg så mange. Sjølv om han ikkje angrar innhaldet, har mediestormen gått inn på han.

– For første gong har eg erfart at det eg gjer får konsekvensar for dei eg er glad i.

Hustad har tre born på tretten, ti og fire år.

– Dei største får jo med seg det sem vert skrive om faren sin, og det har vore trist og leit.

Meir forsiktig

Hustad trur andre som har meiningar om innvandring blir meir forsiktige med å ytre desse etter denne debatten.

– Eg trudde at det var legitimt å føre ein innvandringsdebatt i Norge, men det er det ikkje.

– Kjem du sjølv til å bli meir forsiktig.

– Akkurat no kjennest det slik, men om eg skal vere ærleg må eg vel vedgå at eg sikkert har gløymt dette om to veker frå no. Det seier kona mi òg.

Deppa

I går, då Sunnmørsposten ringde, fortalde Jon Hustad at han hadde fått svineinfluensa. Deprimert er han ikkje.

– Nei, ikkje i klinisk forstand.

– Berre sånn vanleg deprimert?

– Ja, men det går over. Alt går over.

Dessutan har han fått mykje støtte, midt i all kritikken.

– Etter i går har eg berre fått positive meldingar. Dei fleste handla om at eg ikkje hadde barbert meg. Eg har funne ut at framtoning betyr særs mykje.

Spesielt mange meldingar har han fått frå kvinner som blei øm om hjarterota då dei såg den pjuske mannen på TV som fekk så mykje kjeft.

Midt i tornadoen opplever Hustad å bli likt. I likskap med Hadia Tajik.

– Eg har gjort henne ei kjempeteneste. Ho har blitt populær.