Film om tidsklemma:

Mykje ros – og litt ris

Nokre blir provoserte medan andre kjenner seg att. Felles for dei fleste som har sett filmen til Liv Berit Helland Gilberg er at dei har ei meining om den.

Yngste barnet til Charlotte, Mattias, gret når ho drar frå han i barnehagen. 80 prosent av norske eittåringar går i barnehage. Det er ofte tøft både for barnet og familien, peikar dokumentaren på. 

Charlotte A. Frisk er ei av kvinnene som er med i filmen «Dagane flyg». Ho hastar mellom full jobb som sivilingeniør og oppgåvene som mor.  

Liv Berit Helland Gilberg har laga filmen «Dagane flyg».  

Kultur

«Jeg gråt og ble kvalm. Fordi nrk-programmet også handlet om meg. Hvordan kommer man seg ut? Finnes d en vei? Hvor?»

«Hvor er damene som fikser både full jobb og småbarn? Ikke akkurat balansert fremstilling så langt.»

Sitata over er to av ei lang rekke kommentarar om prosjektet Kvinne 2013 på twitter. Kvinne 2013 er ein del av NRK si markering av at det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i Norge. Fire kvinnelege dokumentaristar har fått i oppdrag å lage kvar sin dokumentar om kvinners situasjon i dag, sett i lys av fortida.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Skummelt

Liv Berit Helland Gilberg, opphavleg frå Ulsteinvik, men busett i Oslo, er ein av dokumentaristane. Hennar film, «Dagane flyg» blei vist på NRK2 tysdag. Sidan har filmen hatt gode visningtal på nett.

– Eg har aldri fått så mange reaksjonar på noko eg har laga før. Nokre seier at filmen er unyansert medan andre takkar meg for at eg har turt å lage ein slik film. Kvifor blir filmen sett på som eit vågalt prosjekt, kvifor er dette så skummelt å snakke om, spør Gilberg retorisk.

Sjukefråvær

Kort fortalt tek filmen utgangspunkt i eit faktum: Norske kvinner har 60 prosent høgare sjukefråvær enn menn, og det aukar for kvart barn dei får. Om ein i tillegg har hundre prosent stilling, aukar sjukefråværet ytterlegare.

I filmen følgjer vi særleg to kvinner og deira kamp for å få dagane, med full jobb, små barn, hus og heim, til å gå i hop. I tillegg bidreg ei rekke anonyme kvinner i filmen med sitat om korleis dei opplever sin kvardag. Dei heile blir sett i lys av tilbakeblikk på korleis kvinner har levd før oss.

Livskvalitet

Gilberg gir ingen svar, men prøver å stille ei rekke spørsmål med filmen sin.

– Eg set ikkje likskapsteikn mellom høgt sjukefråvær og fulltidsjobb. Men ein må få lov til å spørje om belastninga på mange småbarnsfamiliar er for stor, seier ho, og legg til:

– Det er eit uttalt mål frå regjeringa at dei ønskjer at kvinner skal jobbe i hundre prosent stilling. I tillegg er det ei oppfatning om at vi er bakstreverske og jobbar mot likestillinga om vi vel å for eksempel jobbe redusert.

Gilberg saknar at vi ikkje berre fokuserer på produktivitet, men òg på livskvalitet.

– Vi treng aksept for at det ikkje er riktig for alle småbarnsfamiliar at begge foreldra er i full jobb. Det finst ikkje ein fasit som passar på alle. Livet går i fasar. Om ein av foreldra vel å jobbe mindre ei periode betyr ikkje det at ein vil gjere det heile yrkeslivet.

Nederlag

Fordi det både frå politisk hald og i media er stor fokus på at ein som småbarnsforeldre skal fikse rolla både som fulltidsarbeidande og mor eller far, meiner Gilberg at følelsen av nederlag blir ekstra stor for dei som ikkje føler at dei fiksar det.

– Eg valde å lage film om mødrer fordi eg står midt i det berømte krysspresset sjølv. Mitt liv passar inn i statistikken som seier at mødrer er meir sjukmelde enn fedrar. «Been there. Done that.» Vil vere god mor, vil lage bra film, vil kanskje for mykje. Eg valde å skildre den delen av mammalivet som sjeldan blir snakka om. Det er nesten eit tabu å innrømme at ein ikkje opplever familielivet med to fulle stillingar og born som tilfredsstillande, seier Gilberg, og presiserer:

– For meg er det viktig at vi kan vere ærlege om liva våre også når det buttar i mot. Det må vere lov å innrømme at det blir for mykje av og til, UTAN at det treng å vere eit nederlag.

Følg smp.no på Facebook