Kvifor er sunnmørske dobbelnamn snudd bak fram?

Namneforskarar kallar det både «naturstridig» og «umusikalsk», men likevel er det noko ekte sunnmørsk over dei omvende dobbelnamna.

Suksess: Ørjan Liavåg og Fredrik Steen gjorde stor suksess med karakterane Hildegunn Moltubakk og Leif-Per frå Ulsteinvik. Her frå «Midtveis i livets swissrull» som mellom anna vart spelt på Arbeideren i Ålesund. Foto: Nils Harald Ånstad 

Kultur

I 1997 reiser Harald Tom Nesvik til hovudstaden for å starta si karriere på Stortinget. Då han kjem til inngangsdøra til leilegheita han skal bu i, står det «Tom H. Nesvik» på dørskiltet. No, 18 år etter, er det framleis titt og ofte komplikasjonar med det sunnmørske dobbelnamnet.