Bratland til festspela

Ingebjørg Bratland held konsert 24. juni i Ivar Aasen-tunet under Dei nynorske festspela 2016.

Til Aasen-Tunet: Ingebjørg Bratland held konsert 24. juni, under Dei nynorske festspela 2016. Arkivfoto: NTB 

Kultur

– Songen «Fordi eg elskar deg», opphavleg av Bob Dylan, har funne vegen inn i mange hjarte gjennom den vakre stemma til Ingebjørg Bratland. Vi gler oss stort til å presentere den populære artisten under festspela, seier programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding.

Gjør som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook

Ingebjørg Bratland frå Vinje har bakgrunn frå folkemusikken. Ho syng på sitt eige morsmål, og står bak dei fleste songane på den siste soloplata si, «Månesinn». Mange kjenner henne nok frå samarbeidet med Odd Nordstoga på plata «Heimafrå».

Ifølgje Aftenposten står Ingebjørg Bratland no «artistisk trygt på egne ben og bør stole fullt og helt på eget låtskrivertalent». Billettane til konserten er lagde ut for sal.

Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet. Følg smp-kultur på Facebook!