I mange år har fleire lokale Lions Club International arrangert «Det vesle ridderrenn» på Strandafjellet. Blant anna utbygging av skianlegget og hyttefelt gjorde at det i fjor ikkje blei noko arrangement.

Søndag gjekk endeleg rennet av stabelen igjen, og denne gongen var det ved skyttarhuset til Engesetdal og Skodje Skyttarlag moroa fant stad. Mellom 25 og 30 deltakarar var venta, men enda fleire dukka opp då arrangementet nok ein gong blei avvikla.

– Det er 39 deltakarar. Det at det kom fleire enn venta visar jo nettopp kor stort behovet for eit slikt arrangement er, seier koordinator for alle Lions klubbane, Egil Grindvik.

Mykje glede

– Det er eit viktig tiltak. Vi ønskjer å gje denne gruppa følelsen av å meistre. Gleda ved å vere saman, og ute i naturen er sentral, fortel Grindvik og innrømmer at gleda er minst like stor for deltakarane som for arrangørane.

– Når man ser gleda hos deltakarane så smittar det jo over på oss som arrangerer. Det er utruleg givande å vere ein del av dette, fortel Grindvik og legg til at arrangementet er i ekte Lions ånd.

– Arrangement som dette er jo akkurat det Lions handlar om. Vi kan ikkje kalle det noko anna enn vellykka. Forståinga frå følgjesveinane er noko som gjer dette bra, legg han til.

Kjekt

Andreas Farstad var utruleg spent då det nærma seg han sin tur å køyre i hundeslede.

– Eg var veldig spent. Det gjekk kjempefort, men eg var ikkje redd, fortel Farstad som også gleda seg til å prøve akebakken.– Eg skal hoppe høgt til himmels med kjelken. Det er så kjekt og vere her, og å få vere ute. Alle som er her synst det er gøy, seier han.

Sprek

Også Lillan Øye storkosa seg, men ho treivst aller best i skiløypa.

– Den var litt kort. Så eg har tenkt å gå fire rundar, seier Øye og legg til at ho er ganske sprek. – Ski er det beste, men eg skal prøve meg på både aking og hundeslede også, fortel ho og gir skryt til arrangørane.

– Det er eit veldig bra opplegg. Tenk at dei finn på slikt. Eg har vore med ein gong for nokre år sidan på Strandafjellet, men no håpar eg verkeleg at det blir neste år også. Det er så kjekt å få vere ute saman med vennane mine, fortel ho. Og at det blir eit renn i Skodje neste år også kan Grindvik bekrefte.

– Det kan eg bekrefte. Intensjonen er jo å halde fram ein årleg tradisjon, lovar han.